Minneord Olav Midtun
21. desember 2016
Godt Nyttår !
30. desember 2016
Vis alt

God Jul og Godt Nyttår !

2016 er ved vegs ende. Enno eit år er gått inn i historia til IL Jotun. Born/ungdomar, trenarar, foreldre, og alle tillitsvalde har teke velfortent fri.
Året som har gått har vore eit aktivt år for Jotun. Alle gruppene har hatt stor aktivitet og det er gledeleg å sjå at «smågruppene» i Jotun har auka aktivitet. Både symjing, ski og friidrett har auka medlemstalet sidan 2015. Dei største gruppene fotball, handball og turn har stabile medlemstall. I tillegg har me motorsport og styrkeløft med høg aktivitet.  I allidettsgruppa vår er nesten alle ungar frå  1-4 klasse registrerte. Allidretten favnar også om aktivitet for 3-5 åringar.
IL Jotun vil takke alle som har bidrege med hjelpande hender . Men ynskjer enno fleire velkomne i 2017. Ei stor takk til alle som har støtte oss med gaver og sponsorkroner.
Til slutt ei stor takk til ei av dei viktigaste gruppene i Jotun. Nemleg seniorgruppa. Kva skulle vi har gjort utan dykkar velvilje? De stiller opp kvar einaste gang vi treng hjelp. Tusen takk !
Da gjenstår det for arbeidsutvalet i Jotun og ynskje alle ei God Jul og eit Godt Nyttår !