Oppstart basistrening i Jotun på tvers av grupper-/ og alder.
7. januar 2017
Vellukka oppstart basistrening
19. januar 2017
Vis alt

Motivasjonsforedrag for dommarar

Torsdag 2. februar 18:00 er me so heldige å få besøk av Tommy Skjerven, den mestdømmande dommaren i Tippeligaen. Tommy skal halde eit motivasjonsinnlegg om kor kjekt det er å vera dommar, og kor mykje ein kan oppleva om ein vel å satsa på fotballdømming.

Mellom anna vert det informasjon om dommarsamlingen i oktober/november i Manchester for alle som har delteke på rekrutteringsdommarkurs.

Det heile er tenkt for å motivere unge og eldre til å bli dommar! Vi treng dommarar i kretsregi, og IL Jotun treng dommarar i klubben.

Foredraget er ope for alle, og me vonar mange tek turen til klubbhuset denne kvelden.

Etter foredraget vert det gjennomgang av dei viktigaste reglane i Futsal for alle som skal dømme KM 4.-5. februar.