Uttak til Ove Helgesen Trophy Cup i Bergen
25. juni 2017
Jotun G13/14 på TV2 under Norway Cup
21. juli 2017
Vis alt

Handballdag med Hege og Torbjørn.

IL Jotun handball arrangerte 27. juni handballdag for aldersbestemt handball med Hege Bakken Wahlquist og Torbjørn Bergerud. Det var gode treningsøkter med dei to handballprofilane i løpet av dagen. Det var ekstra kjekt at vår eigi Hege tok med seg sambuar og landslagskeeper Torbjørn til handballskule i Årdal. Torbjørn Bergerud slo for alvor gjennom da Norge  tok VM sølv i år.
I løpet av dagen vart forfriskningar og juice sponsa av Indre Sogn Sparebank og Lerum. Det deltok 14 ungdomar fødd 2006-2005 og 18 ungdomar på gruppe 2, fødd 2004-2000. Både  gutar og jenter frå Jotun og Åtil var med.  Instruktørane let vel over lydhøyre ungdomar som fulgte godt med. Alt i alt ein flott dag i Årdalshallen.
Både Porten.no og Sogn Avis var innom i løpet av dagen.

Det var stor stas da Hege og Torbjørn stilte ivrig opp på fotografering/selfies og signering på t-skjortene som var trykt opp spesielt for handballdagen. På slutten av dagen blei det utdelt gåver til Hege og Torbjørn frå IL Jotun Handball som takk for den flotte innsatsen.

IL Jotun handball vil takke hovudsponsorane Indre Sogn Sparebank, Årdalsnett og Årdal Energi og dei andre bedriftene Hydro Aluminium, ÅBBL, Elektromontasje, Nundal Consult, Sport 1 Årdal, HMR Hydeq, Indre Sogn Bil, Printfarm og Lerum som var med å støtte handballdagen.