Arne Eldegard fyller 100 år !
30. november 2017
Kurs i KlubbAdmin, Lærdal 6.desember
7. desember 2017
Vis alt

Trenarforum med «noko attåt» !

Onsdag kveld inviterte leiar i fotballgruppa Henrik Rønningen og sportsleg leiar Stine Wigum til trenarforum.  Klubbhuset til Jotun er pynta til Jul og med god mat servert frå Årdal Catering  AS låg det an til ein fin kveld.
Nokon av trenarane var forhindra frå å delta men i alt 24 av trenarane i fotballgruppa møtte opp. Medan trenarane kosa seg med god mat, kom det litt info frå leiarane.
I alt 6 personar frå Jotun fotball deltok på Krinstinget for 14 dagar sidan. Infoen frå tinget vart vidareformidla til trenarane i går. I tillegg nærmar det seg ny sesong  og planlegging av denne er alt i gang.
Ivar Otto Øren i sportsleg utval var nisse for kvelden og delte ut ei påskjønning for innsatsen i året som har gått.
Takk for super innsats alle !!