17 nye rekruttdommarar! Foto: Instruktør Inge Seglem (bak til venstre.)
Vellukka dommarkurs!
15. mars 2018
Fotballeiarkurs Modul 1 (FLK1) 8.april
22. mars 2018
Vis alt

Tysk utvekslingsstudent «trør til » for Jotun.

 

 

Lena Heidenreich kom til Årdal som utvekslingsstudent frå Tyskland.  Ho går 1 året på vidaegåande skulen .
Lena er ei svært positiv jente som melde seg til teneste for idrettslaget med det same ho kom til Årdal.
Det hender rett som det er at dei ulike gruppene skriv på sida til allidretten at dei treng hjelp av fleire vaksne.  Og Lena er ikkje sein om  å melde seg.  Ho stiller opp anten det er på turn eller handball.
Ei veldig kjekk og sympatisk jente.  Så kjekt at ho har funne seg til rette i Jotun.  Me ynskjer henne masse lukke til med resten av studieåret før ho reiser tilbake til Tyskland i juni.

IL Jotun er veldig glad for at ho har brukt fritida si i idrettslaget. Det set me stor pris på.
Tusen takk Lena !