Minneord Arne Eldegard
26. mars 2018
Flott opning av damelaget til Jotun!
11. april 2018
Vis alt

Seriestart for damelaget! 10.4. kl 18:45

Klart for seriestart i 3. div for Jotun fotball sine damer i kveld, tirsdag 10.4.!

Jotun sine damer tek imot Balestrand til seriestarten på kunstgraset. Merk at kampstart vil bli kl 18:45.

Våre unge damer er budd på tøffe utfordringar når dei no skal bryne seg i fylkesserien, men ser fram til utfordringane. Kveldens motstandar Balestrand har vore i divisjonen ein del år. Dei plasserar seg som regel kring midten av tabellen og har ein del erfarne spelarar.

Verd å merke seg er toppscorar Anne Aune med eit scoringssnitt på 2 mål pr kamp. Aune er ynskja av fleire klubbar litt høgare i seriesystemet.

Målet til vårt lag er å få opp eit nivå som gjev mange jamne kampar framover. Det blir spennande å sjå korleis våre jenter lukkast og sjølvsagt kjekt om folket kjem på kamp og støttar laget framover.

Lukke til!