Målrock 2017
Målrock 2018: Takk!
6. august 2018
3.runde Enivestserien, Eid
27. august 2018
Vis alt

Haustsesongen i gong

G15 mot Gjøa i NC 2018. Foto: Tøger Rønningen

G15 mot Gjøa i NC 2018. Foto: Tøger Rønningen

Det nærmar seg skulestart og då kjem og haustsesongen i fotballgruppa i gong att for fullt.

Allereie i kveld, onsdag 15.8. spelar gutelaget sin fyrste kamp for hausten, mot Førde kl 19:00. Møt opp og støtt gutane!

Neste veke er det mange bortekamper, og me har dessverre ein utfordring i høve transport, då 9-setaren vår er teken ut av drift i påvente av reparasjon. Håper den gode dugnadsånden i klubben gjer at det løyser seg for alle.

Tradisjonen tru reiser mange til Fåbergturneringa kommande helg. Dette er ei flott breiddeturnering der Jotun deltek med heile 11 lag frå 11-14 år. Følg turneringa her: https://faabergturneringen.cups.nu/2018/result/latest

Knøttane har to Kongleriket-turneringar att, den fyrste på Tangen 2.september før me avsluttar på heimebane den 23. samme månad.

Lærdal IL arrangerar Lærdalsturneringa 7.-9. september og styret i fotballgruppa oppfordrar Jotunlag til å delta. Gruppa vil i år dekke lagspåmeldinga uavhengig av antal turneringar laga har delteke/skal delta på i år. Gjeld aldersgruppa 9-14 år.

Til slutt eit lite slag for dommarane våre. Me er stolte over å ha fått fleire nye, unge dommarar i år og vonar alle tek godt vare på dei! Uten dommarar, ingen kampar!

Lukke til i haust, alle saman!

(Toppfoto: Tøger Rønningen)