F.v Isak Hove, Lidvin Hestetun, Sander Hestetun Kilen, Aleksander Nundal og Kevin Lægreid. Foto: Privat
Sterk innsats i G14 Nasjonalt Tiltak
8. april 2019
Kåseri med Jon Navarsete
27. april 2019
Vis alt

Sjå, ein dommartrio!

Fv. Marius Kleiven Øy, Hermann Vigdal Øren og Theo Kopperdal (Foto: Privat)

Fv. Marius Kleiven Øy, Hermann Vigdal Øren og Theo Kopperdal (Foto: Privat)

I går, mandag 8. april, kom og dommarsesongen i gong med fyrste heimekamp for året, ein 9-ar kamp mellom Jotun G13/14 9 og Balestrand.

Jotun ynskjer fleire dommarar og for å gje dei flest mogleg kampar, fleire utfordringar, tryggare rammer og ein auka lagkjensle prøver me i år å stille med dommartrioar i de fleste 9-ar og 11-ar kampane.

Fyrst ut var Hermann (hovuddommar), Marius og Theo (assistentdommarar), alle med rekruttdommarkurs og erfaring frå i fjor. Det vart observert ein korrekt dømt straffe og fleire offside-avgjerslar. Med andre ord ein god innsats frå alle tre (samt litt lommepeng).

Me har inntil vidare (ikkje heilt avklart med kursholdar) satt av torsdag 25. april til eit klubbdommarkurs. Søk opp «Dommarar IL Jotun Fotball» på Facebook eller ta kontakt med Per Kopperdal (pk@jotun-fotball.no / 918 58 100) om du ynskjer å vere med på kurs eller ynskjer å bidra på andre måter.

PS. Kampen enda for øvrig med bortesiger 2-3.