«Kioskdamer» på plass !
5. september 2019
Gåve frå Årdal Boligbyggelag !
5. oktober 2019
Vis alt

Jotun Fotball har med heile sju gutar frå 2005-kullet på kretslaget

Kevin Lægreid, Lidvin Hestetun, Isak Øren Hove, Sigve Saur Midtun, Lukas Bruheim, Aleksander Nundal og Sander Kilen

Jotun Fotball gratulerar med at heile sju gutar frå 2005-kullet er plukka ut på kretslaget for perioden 1. september og ut året. Jotun sine representantar er Kevin Lægreid, Lidvin Hestetun, Isak Øren Hove, Sigve Saur Midtun, Lukas Bruheim, Aleksander Nundal og Sander Kilen. I tillegg er også keeper Jaran Aspevik utteken på kretslaget til 13-åringane.

Jan Tore Jåstad, spelarutviklar i NFF Sogn og Fjordane, seier det er ein flott gjeng frå Jotun som er representert på kretslaget. At så mange er med frå ein og same klubb,  er uvanleg. Det skjer sånn innimellom at ein klubb og ei årsklasse har veldig «drive» og skil seg ut. Det har Jotun her, og det er lenge sidan dei har hatt så mange på kretslaget.