Jotun Fotball har med heile sju gutar frå 2005-kullet på kretslaget
20. september 2019
NTF Eliteturnering for G14 i Stavanger 11-13 oktober
8. oktober 2019
Vis alt

Gåve frå Årdal Boligbyggelag !

Før helga fekk IL Jotun ein veldig gledeleg melding frå Årdal Boligbyggelag.  Dagleg leiar Greta Steinheim kunne meddele at på generalforsamling til deira burettslag vart det vedteke å gi kr 100,00 pr andel til IL Jotun. I Øvre Årdal er det 580 bustader i burettslag. Det betyr kr 58.000 til IL Jotun som skal brukast i arbeidet med born og unge.
Årdal Boligbyggelag er ein svært viktig næringslivsaktør i Årdal som har stort fokus på at lokale bedrifter vert nytta i deira prosjekt. På vegne av heile Jotun seier me tusen takk !
Når det gjeld burettsandelane på Årdalstangen, vil kr 100,00 pr andel der tilfalle Årdalstangen Idrettslag.
Nok ein gong tusen takk !