Draumetrenaren – det neste steget 2019.
8. november 2019
Godt nyttår !
30. desember 2019
Vis alt

Einar Sæbø til minne

Det var med stor sorg IL Jotun mottok meldinga om at Einar Sæbø hadde somna stille inn etter ei tid med sjukdom.  Einar var ein av dei mest allsidige idrettsutøvarane me hadde i Jotun. Som mange andre i Jotun var han aktiv i fleire grupper. Men det var langrenn og fotball som låg hans hjarta nærast.
I kretssamanheng toppa han dei fleste resultatlistene på ski. Han deltok og med godt resultat på hovedlandsrennet i 1975. I 1976 var han vestlandsmeister i stafett. Med seg på stafett laget hadde han Odd Vidar Vigdal og Andre Wigdal. Dei delte fyrste plassen med Sogndal.
Ved sida av langrenn var Einar  ein svært god fotballspelar. Same året som han gjekk landsrenn på ski var han teken ut på juniorlandslaget i fotball.  Einar vart lagt merke til utanfor Jotun sitt system. Han deltok på alle juniorlandslagssamlingane og  kampar i 1977. Han var såleis med på vinnarlaget i firkantturneringa mellom Norge, Danmark , Polen og Nederland. I 1976 mottok Einar IL Jotun sitt bragdstaup for den fantastiske sportslege innsatsen han viste.  Som 17 åring spelte Einar 22 kampar for A laget til Jotun. Han var den yngste i ein tropp på 34 spelarar.


Dette bildet av juniorlandslagstroppen er teke i Hyde Park London i 1977.Sogndølen Ingolf Fardal var på same laget.
Av andre spelarar på juniorlandslaget, kan nemnast Knut Torbjørn Eggen, Arne Erlandsen, Anders Giske, Ola Bye Rise og Kjetil Osvold.
Einar Sæbø gjekk frå Jotun til Viking i 1980. IL Jotun var stolte over å sende ein spelar til tippeligaen. Einar spelte i Viking fram til 1984. Han spelte for det meste forsvar og back. Scora 5 seriemål for klubben og eit UEFA-cupmål. Einar gjekk til Vidar FK i 1984. Og vart der til 1988.

 

Einar flytta frå bygda som 20 åring. Men han la aldri skjul på kor glad han var i bygda si. Og så stolt han var over å vera «blokking».
Einar var unik, spreidde latter og glede rundt seg kvar han enn var.   Og etter dialekta å dømme, skulle ein ikkje tru han hadde vore vekke frå bygda ein einaste dag.


På dette bildet  var Einar  heime i Årdal og deltok saman med Viking i den årlege Veterancupen. På bildet saman med Einar ser me  Yngve Bøe og Trygve Johannesen.

 

Ein av dine gode vener frå «blokkene»sa det so fint.
» Du var den største, sterkaste og beste i det meste. Difor er dette så trist og ufatteleg!»

Kvil i fred Einar .