Einar Sæbø til minne
11. november 2019
Spennande samarbeid med Sogndal for fotballjentene.
2. januar 2020
Vis alt

Godt nyttår !

IL Jotun ynskjer å takka for innsatsen til alle våre frivillige.  Arbeidet de legg ned sørger for at Jotun har hatt eit godt år med stor aktivitet på alle frontar. Denne innsatsen er viktig slik at me kan gi alle  utøvarar eit godt tilbud anten dei vil satse på eit høgt nivå eller dei ynskjer idretten som ein sosial arena der ein treffer vener.
Me vonar at de alle også vert med komande år slik at me kan oppretthalde den gode aktiviteten vår.
Ei stor takk til senioarane våre som stiller opp år etter år for klubben vår.
På slutten av idrettsåret 2019 ynskjer med å takke hovedsonsorane våre Årdal Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane og Årdalsnett, saman med alle andre bedrifter som bidreg med tenester og økonomisk stønad slik at me kan halde oppe den gode aktiviteten år etter år.

Året 2020 startar med høg aktivitet. Handballen har seriespel og miniputt turneringar står for tur. Fotballen skal arrangere futsalturnering og symjegruppa får besøk av den ikkje ukjende storsymjaren frå Eid, Sander Smørdal som skal leie treningssamling for symjarane i Sogn og Fjordane. Han jobbar til dagleg som sportsjournalist i TV2. Med andre ord mykje godt i vente både for utøvarar og publikum.

Me ynskjer med dette alle eit Godt Nytt idrettsår !