Lovnorm IL Jotun
9. januar 2020
Retningslinjer for publisering av bilete og film av born
15. januar 2020
Vis alt

Symjesamling i Årdal

Denne helga er symjarar frå heile  «Sogn og Fjordane» samla i Årdalshallen på treningssamling. Den ikkje ukjende Sander Smørdal er hovedinstruktør. Han jobbar til dagleg som sportsjournalist iTV2, men har ei lang symjekarriere i ryggen.
Smørdal er frå Nordfjordeid og kan blant anna skilte med 6 senior NM gull. Han har med seg 2 instruktørar frå Bærumssvømmarane som har ansvar for dei yngste symjarane og breidde samlinga. Gjennom helga er det både symjeøvingar i bassenget og basistreningar i turnhallen.
For at slike arrangement skal gå rundt og at i heile take små klubbar som Jotun skal kunne ta på seg slike arrangement er me heilt avhengige av at frivilige stiller opp. Foreldra til Årdalssymjarane stiller både som nattevakter, overnattar på skulen, kuttar frukt, serverar lunsj og middag. Mange og lange timar gjennom heile helga. Blant dugnadsfolket er det ikkje berre foreldre som stiller. Svein Hove (bestefar) er ein av dei frivillige denne helga. På bildet er han på plass på kjøkkenet og kuttar frukt til symjarane som må innta litt energi mellom øktene. Denne bestefaren er verkeleg ei eldskjel i idrettssamanheng. Ikkje berre stiller han som fruktkuttar. Veke etter veke køyrer han barnebarna frå Årdalstangen til Øvre på trening, han er med på dugnad i utebassenget når det skal skurast og klargjerast til sesongstart. Og han ryddar og sjauar turnutstyr i Tangen hallen når borneborna turnar.
Me har mange flinke seniorar i bygda som gjer ein fantastisk jobb. Men me har bruk for mange fleire.
Å driva eit idrettslag er eit samfunnsansvar me har teke på oss. Me skal gje gode tilbod til alle og me skal framstå som gode rollemodellar som kan gje Årdal eit godt omdømme.
Samlinga vert avslutta søndag ettermiddag. Men alt siste helga i januar er symjegruppa i gang att. Da skal det vera stort innandørs stemne i Årdalshallen.
Symjegruppa takkar for godt samarbeid med Årdal kommune og sjølvsagt hovedsponsorane våre som er Årdal Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane og Årdalsnett.