Symjesamling i Årdal
11. januar 2020
Minneord Jo Ragnar Sønstlien
24. januar 2020
Vis alt

Retningslinjer for publisering av bilete og film av born

Norges Idrettsforbund ynskjer å setja søkelys på kva reglar som gjeld for publisering av bilete og film av våre medlemmar på nettside, i sosiale media og i andre publikasjonar.

I samband med dette har Idrettsforbundet laga nokre enkle retningslinje for å bevisstgjera trenarar, leiarar, frivillige og føresette av born i idrettslag. Det er særs viktig å ha respekt for born og unge sin integritet og rett til personvern. Einskilde kan ha særlege grunnar for at dei ikkje ynsker å verte teke bilete av.

I einskilde tilfelle kan bildedeling få uheldige konsekvensar dersom barnet for eksempel bur på hemmeleg adresse. Det er ein god skikk å alltid spørje om lov før bilete vert teke.

Hovudregelen er at det alltid skal innhentast samtykke frå alle som direkte eller indirekte kan identifiserast på bileta før dei vert publisert. Dersom dei som er avbilda er under 15 år må samtykke innhentast både av barnet sjølv og føresette. Uønska publisering kan føre til erstatningsansvar og straffeansvar ifølge åndsverkloven.

Idrettsforbundets retningslinjer:

  1. Før bilete eller film vert publisert skal det være innhenta samtykke frå alle på bilete, og frå deira føresette dersom borna er under 15 år.
  2. Ved innhenting av samtykke til å publisera bilete og film skal samtykkeskjema brukast. Det er kun eit aktivt samtykke som kan gje grunnlag for å publisera bilete og film.
  3. Dersom eit barn ikkje ynsker at bilete eller film skal publiserast skal dette overstyre foreldra sine ynskje om publisering.
  4. Vær medviten kva slags situasjonar det vert teke bilete eller film. Ta aldri bilete av nakne born og ver varsam med å ta bilete av lettkledde born. Vis måtehald ved bruk av fullt namn.
  5. Det skal alltid samtykkast særskilt for kvart enkelt bilete eller film som skal brukast til media. Eit samtykke blir og kravd ved publisering av bilete og film i lukka gruppe på nett, som for eksempel Facebook, eller andre nettsider som er passordbeskytta.
  6. På internett blir IL Jotun sine aktivitetar vist, både gjennom ord, bilete og video. Dette blir distribuert på offisielle heimesider eller gjennom sider på sosiale media i regi av IL Jotun.
  7. I alle tilfelle, for born og ungdom under 13 år, skal kun fornamn og ev. fyrste bokstav i etternamn nyttast, uansett type bilete. Andre personopplysningar skal ikkje leggjast ut.
  8. Samtykke gjeld så lenge barnet er medlem i idrettslaget, eller til ein av partane ynskjer å endre på avtalen. Dersom eit samtykke blir trekt tilbake må publiserte bilete og filmar slettast.