Retningslinjer for publisering av bilete og film av born
15. januar 2020
Årdalsstemnet 2020
26. januar 2020
Vis alt

Minneord Jo Ragnar Sønstlien

Det var med stor sorg me mottok melding om at ein av våre viktige støttespelarar og tidlegare tillitsvald har gått bort. Jo Ragnar har vore oppteken av idretten i alle år og var tidleg med i handballmiljøet i Årdal. Først som habil handballkeeper og seinare som handballdommar. Han tok og på seg jobben som leiar i Sogn og Fjordane handballkrets i yngre dagar.
Sidan vart det politikken som stod i fokus, men Jo Ragnar var framleis med og bidrog i idretten. Som ordførar i Årdal var Jo Ragnar ein aktiv  pådrivar då planane om ei større handballturnering Hydro Quality Games tok form. Med sitt kontaktnett og engasjement bidrog Jo Ragnar til at handballturneringa i fleire år vart ein realitet.
Jo Ragnar var leiar i handballgruppa til Jotun i frå 2006-2009. I ein periode med høg aktivitet og satsing var behovet for oppfølging og kontroll stort. Dette var ei oppgåve Jo Ragnar med all sin erfaring frå eit aktivt organisasjonsliv meistra godt. Jo Ragnar fekk æresteikn på årsmøtet i 2010 for sitt arbeid for handballen i laget. Jo Ragnar tok deretter på seg vervet som leiar i IL Jotun og sat som leiar i ein toårsperiode frå 2010 til 2012. Med sin politiske erfaring og breie kontaktnett var dette noko Jo Ragnar meistra godt.
Jo Ragnar var løysingsorientert og flink til å samle alle partar i arbeidet med gode løysingar.

Tusen takk for ditt engasjement og innsats for idretten !
Me lyser fred over Jo Ragnar sitt minne.

Arnt Stølen Moen
leiar IL Jotun