Minneord Jo Ragnar Sønstlien
24. januar 2020
Årsmøte for 2019
10. februar 2020
Vis alt

Årdalsstemnet 2020

Så godt å vera Årdøl !! Årdalsstemnet also!! Så mykje skryt me har fått av alle tilreisande. Ei fantastisk helg som me kjem til å hugse lenge. Symjarane våre symde inn til personlege rekordar i fleng. Og ikkje berre våre symjarar, men også dei tilreisande. Det var gode persar i alle heat.
To spennande stafettar , der jentene våre sumde inn til 2. plassar.
Fleire av utøvarane melde seg på øvingar som vanlegvis ikkje er heilt innanfor konfortsona. Blant anna i medley.  Alle sumde inn til personlege rekordar.
Mange nye rekruttsymjarar i gruppa. Fleire på stemne for fyrste gang. Og det var nok ein del sommarfuglar i magen på enkelte.
For å kunne arrangere symjestemne  er me heilt avhengige av mykje dugnadsfolk. Symjegruppa er ei lita gruppe, der foreldra står på både før, under og etter stemnet. Her er det ikkje snakk om 3-4 timars økter slik som i grupper med fleire foreldre. Frivillige har stilt opp som tidtakarar. Alle dommarane kjem frå ulike plassar i fylket. Klubbane hjelper kvarandre med å stille dommarar på stemnene rundt omkring. Og alle dommarane stiller opp heile laurdag og heile søndag.
Og kva er vel eit stemne utan speaker. Fantastiske Anne Kauppi frå ÅTIL stilte som speaker heile helga.
Eit varemerke på stemnene i Årdal er at me har inngangsmusikk til det siste heatet i kvar øving. Dette får opp stemninga både hjå publikum og symjarar.
Nydeleg middag laurdag kveld og god frukost søndag morgon i klubbhuset, sette symjarar stor pris på. Alt sett i stand av driftige foreldre.

Symjegruppa vil takke alle for innsatsen og håpar at dette vert ein årleg tradisjon!
På bildet ser de:
Bak frå venstre: Vilde Styve, Kaja Hove, Solfrid G. Røyrvik, Emmeli Jevnaker, Tomine Jevnaker, Joakim Fagerli, Sebastian Rys og Leo Solheimslid Johansen.
I midten under Sebastian står Oliwia Rys.
Sitjande framme få venstre: Marie M.Jentofsen, Ingrid M.Sanden, Harald Oveland Gikling, Sigurd Bale, Ida M. Jentofsen, Mari Grøv og Ida Skakstad Moen.
Agnete Fagerli er ikkje på bildet. Ho deltok i fleire øvingar laurdag. Søndag var ho på handballtur. Frida Lidal og Marte Røyrvik deltok også men var ikkje til stades når bilde vart teke.