Henrik og Liv vart æresmedlemar i IL Jotun
11. mars 2020
Jotun sine hovedsponsorar.
25. mars 2020
Vis alt

Aktivitetar i Jotun i forbindelse med Coronavirus.

Det vart tidlegare i dag lagt ut info på IL Jotun si facebook side, info om tiltak i forbindelse med Corona viruset. For å gjenta oss sjølve, er all treningsaktivitet i alle undergrupper i regi av IL Jotun stengt. Seinare i dag vart det varsla frå regjeringa at all slik aktivitet skulle leggast ned. Fotballforbundet har stengt aktvitet ut april og handballforbundet ut mars.
IL Jotun forheld seg til dei tiltaka som vert bestemt i våre forbund og sjølvsagt det som me vert pålagt av staten.
Me vil prøve å halde medlemane våre oppdaterte så godt me kan.
Og legg ut info så snart det er noko nytt.Inntil da forheld me oss til opplysningar frå FHI og dei anbefalingane dei gir.

Leiar IL Jotun
post@iljotun.no