Aktivitetar i Jotun i forbindelse med Coronavirus.
12. mars 2020
Årdalsnett AS
26. mars 2020
Vis alt

Jotun sine hovedsponsorar.

Det er tøffe tider me er oppe i no. Aktiviteten i idrettslaget er framleis stengt og me forheld oss til dei retningslinene som FHI har bestemt. I ryggen har IL Jotun mange bedrifter som støttar oss. Av dei har me tre store hovedsponsorar . Sidan det er null aktivitet i laget betyr det at me ikkje får profilert dei gode sponsorane våre på same måte me elles ville gjort om det var høg aktivitet.
Sparebanken Sogn og Fjordane vart hovedsponsor for IL Jotun i 2019. Me er svært glade for å ha dei på laget. I likheit med alle andre er det også ein spesiell situajson i Sparebanken Sogn og Fjordane om dagen. Kommunikasjonrågjevar Inger Marie Lien har sendt oss ein status frå banken:

Kvardagen vår har på kort tid blitt snudd opp ned. No gjer eit nedstengt samfunn at mange er blitt permittert og vi forstår at mange går krevjande tider i møte.
Dei aller fleste av våre tilsette sit på heimekontor, men vi er framleis tilgjengeleg for deg og du når oss på telefon og e-post. I tillegg har vi ein veldig god mobilbank der du får ordna mykje av det daglege. Les meir om mobilbanken.

 

Har du blitt permittert? 
Om du skulle hamne i ein situasjon der du står utan inntekt for ein periode, kan det bli vanskelegare enn før å betene bustadlånet. Ved dokumentasjon på at du er blitt permittert som følgje av koronaviruset, hjelper vi deg med betalingsutsetting og/eller avdragsfritak.  

Er du uroleg for økonomien din? Ta kontakt med rådgjevaren  din i Sparebanken Sogn og Fjordane for ein prat. Vi er klar til å lytte til situasjonen din, og vi ønskjer å kome med løysingar tilpassa det du står i.

 IL Jotun takkar for praten og håpar at det ikkje skal gå altfor lenge før me kan gå igang att med aktivitet og profilering av ein svært god hovedsponsor. I morgon legg me ut litt status frå Årdalsnett AS.