Jotun sine hovedsponsorar.
25. mars 2020
Årdal Kraftlag AS
29. mars 2020
Vis alt

Årdalsnett AS

Årdalsnett har vore ein av Jotun sine gode hovedsponsorar gjennom mange år. Me er stolte over at ei så flott lokal bedrift er på laget vårt. Dei stiller opp økonomisk , men er også raske og levere nett dersom de foregår arrangement i bygda. Som til dømes ved symjestemne i utebassenget, der alt det tekniske både tidtaking og resultatservice krev nettverk. Dei jobba i fleire dagar, drog kablar og kobla opp til me hadde raskt og godt nett gjennom heile konkurranse helga.  Som i dei fleste andre bedrifter er det også spesielle tider hjå Årdalsnett  i desse dagar.
Me har hatt ein prat med dagleg leiar Jan Stian Smedegård og konsulent Odd Øren:

«Breiband- og TV er i desse pandemitider definert som samfunnskritiske tenester.

I Årdalsnett gjer me alt me kan for å halde tenestene i gang.  Drift og vedlikehald av infrastrukturen er prioritert.

Men også aktivitetar som medfører besøk i heimane til kundar kan bli utført der det er trygt, både for våre folk og for kunden. Me har innført prosedyrer for dette.
Kontorpersonalet jobbar på heimekontor. Montørane våre har med seg bilar og verktøy heim, og er stort sett innom lokala våre kun for å fylle opp med materiell og verktøy.

Årdalsnett har mange hyttekundar, og ein stor andel av desse er i kommunen dei bur i. Dermed må me også ha fokus på drift og vedlikehald i hytteområda.

Lokala våre er stengt for kundebesøk, men me har same drifts-,  telefon- og vaktrutiner som vanleg. Treng du å snakke med oss,  oppmodar me kundar om å kontakte oss på telefon 5766 4400 eller epost til helpdesk@ardalsnett.no

Som alle andre, ynskjer Årdalsnett at desse unntakstider går fortast mogeleg over. For at det skal skje, oppmodar me alle til å vise solidaritet i tida framover: følg pålegg og råd frå myndigheitane