Fotballskule i Årdal veke veke 26 og veke 32
12. juni 2020
Kanonløp av August Sveen
30. juni 2020
Vis alt

Fotballskule i Årdal

Denne veka har IL Jotun fotball skipa til fotballskule for ungar -/ungdomar i alderen f 2011 og eldre. IL Jotun er svært glade for å ha fått me Ørjan Skilbrei på laget som hovedinstruktør. Ørjan har flytta heim til Lærdal og er i gang med husbygging i heimkommunen. Han er i full trening med ÅFK og me får heilt sikkert sjå mykje til han på Jotun stadion når seriekampane startar for fullt. Me i Jotun er svært glade for at me får nytte kompetansen hans. Han har hatt med seg mange flinke medhjelparar gjennom veka.Me har fått mykje skryt over opplegget, og det er alltid kjekt å høyra.
Jotun fotball fekk nye småmål av fotballkretsen i vår. Måla er sponsa av Sparebanken Sogn og Fjordane som er ein av hovedsponsorane til Jotun. Me gler oss til ei ny fotballskule veke i august. Denne er det enno høve til å melde seg på. (påmelding ruth@iljotun.no)

Helsing frå Ørjan:

Da var ei solfylt veke med masse fotball. Over 29 ivrige barn og unge har denna veka brukt formiddagen sin på Jotun stadion, det er me kjempefornøgde med! Eg må få takke fotballgruppa i Jotun for tilliten eg har fått til å arrangere ein slik fotballskule. Eg må óg få takke alle foreldre som har latt oss få ansvaret til å aktivisere dykkar unge håpefulle, det set me stor pris på. Det har vore ei veke med fokus på ballkontroll, repetisjoner og masse ballberøringer heile vegen, innen ulike temaer kvar dag. Tre timar med fotball er lenge i den heten som har vore; derfor hadde me innlagte drikke/frukt/ lunsjpauser undervegs. I desse pausene har det óg vore masse sosial omgang med (stort sett) uskyldig vannkrig og det som høyrer med i det strålande været. Eg er glad for at eg har fått møtt og blitt kjent med så mange flotte, unge og ivrige fotballspelarar i bygda. Til slutt må eg óg takke alle instruktørar som har stilt opp kvar einaste dag, dikkas bidrag er gull verdt for at ei slik veke skal kunne gjennomførast.

I veke 32 er det påan igjen, me håpar å sjå mange av dei samme borna igjen, i tillegg til fleire nye som allerede har meldt seg på.
Ønsker alle ein aktiv og fin sommer videre!

IL Jotun fotball heng seg på og ynskjer alle ein god sommar !