Fotballskule i Årdal
26. juni 2020
Klubbhuset har fått eit skikkeleg løft!
7. juli 2020
Vis alt

Kanonløp av August Sveen

August Sveen snart 16 år gamal, gjorde eit kanoløp på Bislett denne veka. Tenk at den 34 år gamle rekorden til Svein Inge Buhaug endeleg vart slegen. Det er ein prestasjon i seg sjølv at rekorden har stått so lenge. Og tenk at det var ein sambygding som skulle klare å slå den. August vart klokka inn til  Krinsrekort på 5000m med den sterke tida 15.40.66! Pers på heile 40 sek.
August har som dei fleste andre ungdomar starta med idrett gjennom allidretten i Jotun. Har vore innom både handball og fotball. Men valet havna til slutt på ski og friidrett. Saman med kompisane Gard, Isak og Christoffer og resten av fiidrettsgruppa i ryggen har dei heia kvarandre fram heile tida.
Rolf Breisnes kom for fullt innatt i friidrettsgruppa for nokre år sidan og har hatt eit målretta opplegg for dei fire gutane. Som dei fleiste veit har og trenar Rolf hevda seg i toppen på friidrettsbana. Underteikna var elev ved Øvre årdal ungdomsskule da Rolf starta som lærar her. Det var med undring og beundring me sat i klasserommet og såg på denne læraren som brukte fritimar og kvar einaste anledning han hadde til å trekka på seg treningsklede for så å springe utallige rundar rundt løpebana på Jotun stadion. Ein indre driv..som er heilt naudsynt skal ein nå måla sine.
Og det er nok denne indre driven me også ser hjå August og desse unggutane som trenar Rolf omgir seg med til dagleg.
I tillegg er det ei mamma og ein pappa, besteforeldre og familie elles som er der og støttar opp.
IL Jotun tykkjer dette er stas. Me heiar på deg August ! Masse lukke til vidare. Det vert kjekt å følgja med på deg.