Kanonløp av August Sveen
30. juni 2020
Oppdaterte reglar rundt koronareglar og kampavvikling
14. august 2020
Vis alt

Klubbhuset har fått eit skikkeleg løft!

For dei som har bevega seg rundt idrettsanlegget i det siste, kan ein ikkje ha ungått og lagt merke til det flotte takoverbygget over inngangen til klubbhuset.  Seniorgruppa i Jotun har stått i spissen for arbeidet. Henry Hestetun har teikna utbygget og vore med og sett det opp. Sist veka sørga seniorane også for at skiltet «Jotunhuset» kom på plass att.
Men seniorane har ikkje teke ferie enno. Dei var ikkje før ferdige med utbygget før dei kasta seg rundt og starta oppussing av hovedkontoret i huset. Her skal skiftast glas og heile kontoret vert modernisert med nye veggplater og maling.
Dei har utallige timar i klubbhust desse karane, og er ein kjemperessurs for heile laget. Me er svært takknemlege for å ha ein slik gjeng i ryggen.
Med det flotte biletet av eit ny fasade ynskjer me alle ein god sommar !