God Jul !
24. desember 2020
Godt nytt år !
30. desember 2020
Vis alt

Flott gåve frå Årdal Boligbyggelag

Kven av oss har ikkje vore i Fardalen og gått på ski, for så etterpå å nyte verdens beste pannekaker i skihytta …Skigruppa i Jotun er kjende for pannekakene sine. Desse har vore tradisjon i ei årrekke og er prikken over i’en når ein er ferdig med skituren. Etter ei dugnadsøkt sist vinter la dugnadsvaktene merke til  at takka i skihytta var veldig velbrukt og det var heller ikkje så mykje verken av vispar eller sleiver å hjelpe seg med der oppe. Ein søknad til Årdal Boligbyggelag vart forfatta og det tok ikkje mange dagane før Greta frå Boligbyggelaget kunne meddele at dei ville kjøpe både takke og kjøkkenutstyr slik at dugnadsfolket for framtida kan vispe saman røre og steike pannekaker på flunkande ny takke. Skigruppa er veldig takknemlege og gledar seg til å ta i mot folk i løypene. I starten av februar er det 5 veker med allidrettsaktivitet i Fardalen. Og me er sikre på at ungane gledar seg veldig til pannekakene etter at dei er ferdige med skileiken ute i løypene og på skileikeplassen.
Det er ikkje berre skigruppa som har fått nytta godt av gåvene frå Boligbyggelaget. Fleire kull i fotballen har fått støtte til å kjøpe jakker, nystarta innebandy gruppe har fått bidrag til kjøp av bane. Dette i tillegg til fleire andre gode prosjekt internt i Jotun.
Tusen takk til Årdal Boligbyggelag for støtte  som går rett tilbake til arbeidet med barn og ungdom i Jotun.

Heimeside Årdal Boligbyggelag: