Flott gåve frå Årdal Boligbyggelag
29. desember 2020
Vert Ruth årets eldsjel?
8. januar 2021
Vis alt

Godt nytt år !

Anleisåret 2020 er snart ved vegs ende. Det er eit år sidan me fekk høyra om viruset som var begynt å herja i Kina. Det var fjernt for oss. Nyttår vart feira på vanleg vis og aktivitetane i Jotun starta som vanleg. Handballkampar vart spela, Veterancup vart arrangert for 21 gang siste helga i januar. Og helga etter arrangerte Jotun fotball KM kvallik i aldersbestemte klassar. Me skreiv februar og viruset nærma seg. Etter mykje møteaktivitet vart det bestemt at Vårstemne i symjing på Eid og KM i fotball skulle gå som vanleg fyrste helga i mars, der me hadde deltakarar begge plassar. Det vart  restriksjonar. Fotballspelarane fekk ikkje ha fairplayhelsig på vanleg måte og «sprit» vart innført.
IL jotun rakk akkurat å ha årsmøte på vanleg vis eit par dagar før Noreg stengde ned. Alle idrettsanlegga vart stengde og det vart slutt på all aktivitet i Jotun.  Likevel var det mykje arbeid som skulle gjerast. I staden for fysiske møter, måtte me og ta i bruk digitale møtepunkt via Teams. Det var ikkje til å unngå at dei viktigaste sakene omhandla korona og smittevernsarbeid i klubben. Utebassenget opna til vanleg tid, men med store restriksjonar. Me vil rosa alle ungdomane som stod der. I tillegg til kiosksalg og billettsalg fekk dei og ansvar for å halde styr på kor mange som var i bassenget til ei kvar tid. Me er imponerte over ungdomen og den jobben dei gjorde.
Hausten kom og det var godt når me endeleg fekk opne oppatt med litt aktivitet. Det var strenge krav til smittevern og utvalde i Jotun gjorde ein formidabel innsats med å lage planar og distribuere ut til medlemar slik at alt gjekk etter dei planane som var laga.
Me er endeleg komne i gang at med nesten normal møteaktivitet. Det er framleis tak på kor mange me kan samlast i lag. Om me har lært noko av dette ? Ja, me har lært at dersom alle er med på dugnaden og føl dei planane som er bestemt, blir det bra til slutt. Det gjeld også i Jotun. Er me med på felles dugnad mot felles mål, blir det bra til slutt og vil gagne heile fellesskapet.
Me vil takka våre gode hovedsponsorar Årdal Kraftlag, lokalbanken Sparebanken Sogn og Fjordane og Årdalsnett AS. I i tillegg til desse har med store og små støttespelarar som alltid står ved vår sida. Tusen takk !!
IL Jotun vil med dette ynskje alle frivillige og heile bygdesamfunnet eit Godt Nytt år. Ta vare på kvarandre!