Friidrettsturne Øvre Årdal
2. juni 2021
Strålande dag på Jotun stadion !
11. juni 2021
Vis alt

Jotun fotball tenkjer Grønt !

I dag har Jotun Fotball motteke 3 stk flaskepant kassar frå Sogn Vekst AS ( tidlegare Indre Sogn Asvo AS). Me er svært glade for at denne flotte bedrifta me har i bygda ville vera med å sponse deler av kostnaden desse pantekassane var for Jotun fotball.
Sidan hausten 2020 har Jotun fotball v/ Ruth Laberg, Florø Fotball v/ Siri Rognsø og Hildegunn Hove v/ Sogn og Fjordane Fotballkrets jobba saman for å lage eit utkast til korleis ein skal bli Grøn Klubb og arrangere Grøne arrangement. Sparebankstiftinga v/ Paal Fidjestøl og dagleg leiar i fotballkretsen Svein Olav Myklebust  har og delteke på nokre av møta. Stiftinga v/ Fidjestøl er oppdragsgjevar. Dei har bestilt og sponsa oss med domene til nettside som hjelper oss steg for steg å bli eit Grønt Arrangement. Me håpar at nettsida skal bli klar utpå hausten eller ved årsskiftet.
Om prosjektet:
Grønt arrangement skal bidra til å inspirere fotballen til å ta gode val for miljøet. Prosjektet har vore veldig spennande å jobba med, og det vert enno meir spennande å prøve å implementre det i klubbkvardagen. Saman med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane lanserer NFF Sogn og Fjordane no eit konsept som skal bidra til at fotballarrangement blir meir miljøvennlege
Fotballen er ein betydeleg samfunnsaktør i landet vårt. Med enkle miljøtiltak og beviste val kan vi gjera ein stor skilnad og redusere vårt klimatrykk i kombinasjon med (fotball)aktivitet og idrettsglede på våre arrangement. Ved å oppfylle gitte miljøkriteriar kan arrangement i din klubb bli sertifisert som «grønt arrangement». Vi håpar at dette kan vere ei drivkraft for vidare miljøarbeid og ei grøn tankegang i all klubbdrift.
Me er difor så utruleg glade for at Sogn Vekst AS ville hjelpe oss med ordning til å samle pant. Dessverre opplever me alt for ofte at panteflasker havnar i søppela. Om vi alle vert litt flinkare å tenkja miljø i kvardagen  og i klubbdrift, trur eg dette prosjektet kjem til å bli utvida til fleire klubbar så snart det er ferdig utarbeida.