Jotun fotball tenkjer Grønt !
11. juni 2021
Miniturnering – fotball
13. juni 2021
Vis alt

Strålande dag på Jotun stadion !

Endeleg – fekk me på stadion og sjå friidrett att. Eit av vårens vakraste eventyr. Kjekkaste som finst å sjå blide, aktive ungar i full utfoldelse. Og ikkje berre ungar, men spente foreldre, besteforeldre og andre som møter opp for å heia fram alle ungane og ungdomane. Ekstra spennande er det at me på ny har gått inn i ein glansperiode med utøvarar som leverer på svært høgt nivå. Det å stille i løp med hare….det trudde eg faktisk ikkje eg skulle få sjå på stadion att. August Da Silva stod over dette stemnet da ha har eit tett stemneprogram utover sommaren. Men han stilte likevel som hare for Christoffer Vamråk som jaktar på UM kravet. I følge trenar Rolf Breisnes har Christoffer (G15) starta sesongen svært lovande, med solide persar på 800 (2.12.76) og no sist onsdag under krinsstemna på Jotun stadion med 4.40.98 på 1500 m. Det er høvesvis 10 og 13 sek under fjorårets persar. Målet er å gå under 2.12 og 6.35 på 800 og 2000 m som er Christoffer sine distansar i UM ( norgesmeisterskap for ungdom).

 

 

 

 

 

 

 

 

Bildet under er frå stemne i Vik der Christoffer og Marte Hovland, den superraske Vikjen sprang i samme heat.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det kjekkast med slike stemner er å sjå på all spenning blant føresette.  Mange av ungane har aldri sprunge 600 m og veit vel ikkje heilt kva dei går til . Slik var det det vel og med Amalie Lindstrøm Bolme, 10 åringen la ut i ein forrykande fart,. Ved passering 200 m stod faren på indre bane og prøvde å gi tegn til at ho skulle ta det med ro. Men ho gav på og held heile farten heilt til målgang 400 m etter.

 

 

 

 

 

 

 

 

Litt fleire bilde frå ein flott dag under :

Noko slitne gutar etter 600 m.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sigve i farta i lengdegropa.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ein nykomling i friidrettssamanheng er Johannes Paulides. Fødd i 2007 og har imponert stort på 60 m. Han hevdar seg svært godt i sin klasse, med eit grunnlag på ein trening i veka er det berre imponerande kva han presterer. Under krinsstemnet onsdag sprang han inn til tida 7.8 på 60 m. På 100 m stoppa kl på 12.0 og han hoppa 4.94 i lengde. Vert moro å fylgja Johannes vidare.

Denne karen har mykje inne.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Knut Werge (G18) sitat Rolf: spring seg i form utover i sesongen, og at han alt no ligg på persresultat lovar godt.
60 m på 6.91, 100 m på 11.31 og lenge på 5.91.

Friidrettsgruppa vil takka alle som stiller opp som funksjonærar og hjelper til for å få avvikle stemnet.
Neste stemne er 7 juli på Jotun stadion. Håpar like mange møter opp da.

Ein god 600 meter av Henrik