Lerøyleikane 2021
11. september 2021
Oskar Grenager på NTF Elitetiltak
3. oktober 2021
Vis alt

Jotun – Stryn G13/14

Søndag 3 oktober vil me markera «Velkommen tilbake til idretten»  #velkommentilbaketilidretten. Smågutelaget til Jotun skal spele sluttspelkamp mot Stryn kl 14.00. Sist helg var dei i Høyanger og vann 3-2 over eit godt Høyang lag. Stryn er vel å rekne som eit av dei sterkaste laga dei møter, så dette ligg an til å  bli ein svært spennande kamp.
I anledning kampen og feiring av gjenopning vil det bli laga ei turstiløype for borna. Dei minste bør ha med seg ein vaksen. Det vert lagt ut 10 postar i nærområdet. Borna får med seg eit svarark som det skal kryssast på. Alle born som deltek for utdelt gratis is.
Jotun fotball er fairplayklubb og turstien er basert på dette temaet. Turstien startar frå bassengkiosken/boden kl 13.30. Da er de på plass att til kampen startar.
Sjølv om vermeldingane ikkje er heilt på vår side håpar me likevel at Årdølene finn vegen på bana og heiar fram desse flinke gutane. Det fortener dei. Kiosken er sjølvsagt open, med både kaffi og noko å bita i.

Årdal Kraftlag