Jotun – Stryn G13/14
29. september 2021
Motorsport feira gjenåpning sist helg
11. oktober 2021
Vis alt

Oskar Grenager på NTF Elitetiltak

Det blomstrar i Jotunfotballen for tida. No når endeleg landet har opna oppatt har aktiviteten «skutt i veret». Ein må halde tunga beint i munnen for å fylje med på alt.
Seriekampar, sone, krets og elitetiltak  kvar einaste veke. Oskar vart utteken til å bli med kretslaget til Sogn og Fjordane på turnering på Ekeberg i helga.
Dei har spelt fylgjande kampar:
Gruppespel:
Odd – Sogndal 2-2
Sogndal – KFUM Oslo 6 -2

Sluttspel:
Sogndal – Ålesund 2-1
Rosenborg – Sogndal 3-1
Oskar spelte to kampar og scora 1 mål.

Jotun fotball er stolte og gratulerar Oskar med uttak til denne turneringa. Håpar det har vore ei kjekk  oppleving som motivierar til vidare satsing.

Jotun fotball er heldige som har fått med Tom Hellebø som spelarutviklar. Han føl opp gutane og jentene  og har  løpande kontakt med krets og melder frå om nokon av våre bør få sjansen. Både Jotun og kretsen set pris på at det er god dialog og at ungdomen får prøva seg.