Karl Høgmo, 95 år.
16. juni 2022
Sommarferie og fotballskule !
22. juni 2022
Vis alt

….når plutseleg internett er vekke !!

Det erfarte Jotun fotball sist fredag når me dreiv og rigga til bassengkiosken for dugnad i fotballgruppa. Det nye kassesystemet med Ipad og Izettle er avhengig av nett for å fungere.
Kva gjer me da ? Da ringer me sjølvsagt til Årdalsnett. Kristian Heggestad heiv seg rundt og sjekka, og kunne fortelje at nettet ikkje har fungert sidan me gjekk over til nye nettløysingar i heile bygda. Dette burde me sjølvsagt tenkt på og førebudd oss i god tid før me opna kiosken for sommaren. Men det gjorde me also ikkje.

Men kva gjer vel det, når hovedsponsoren handlar med ein gang. Dette vart ein større jobb enn dei rekna med.  Det nærma seg ferietid for dei tilsette, men likevel har dei stått på i to dagar og no er endeleg nettet på plass, takka vera ein fantastisk hovedsponsor og kjempegod oppfølging og dialog med Kristian Heggestad og Thomas Nordheim Moen. i Årdalsnett !!

Så folkens ….treng de nettverk eller andre tenester som Årdalsnett leverer, da duser de ikkje eitt sekund. Det er berre å kontakte dei !!
TUSEN TAKK ÅRDALSNETT !! #ardalsnett, #årdalsnett, #hovedsponsor.