….når plutseleg internett er vekke !!
21. juni 2022
Friidrettsstemne på Jotun stadion
27. juni 2022
Vis alt

Sommarferie og fotballskule !

 

Medaljeutdeling

Fotballskule høyrer sommaren til. Takka vera initiativtakar Bjørn Vidar Nundal og 4 kjekke ungdomar kunne Jotun fotball stelle i stand fotballskule dei tre fyrste dagane i sommarferien. Godt over 30 born melde seg på i alderen 8-11 år. Det var oppstart kvar dag kl 10. Fyrste økt held på fram til lunsj tid kl 11.30. Deretter var det ny økt fram til 13.30.
Bjørn Vidar og gutane møtte opp ein time før og laga til ulike stasjonar.  Me får gode tilbakemeldingar frå instruktørane som skrytte over ivrige ungar. Det har vore fokus på ulike øvingar i tillegg til at ein har øvd på øvingane som inngår i minimerket til Norges Fotballforbund. Instruktørar og ungar var enige om at dei ville øve enno litt meir før dei prøvde seg på merketakinga. På avslutninga i dag var det medaljeutdeling og kake.
Me planlegg ny fotballskule veka før skulestart, og i mellomtida kan dei som har lyst øve til minimerket om dei ynskjer .
Alt om minimerket kan lesast på Fotball.no 
Jotun fotball vil takka ungdomane som stilte opp Aleksander Nundal, Joakim Nundal, Isak Nundal og Oskar Grenager. Alle gutane spelar kampar for guttelaget til Jotun , og på seniorlaga til ÅFK.
Det kjem snart ut invitasjon til ny fotballskulle med oppstart i august. Håpar me kan ta i mot like mange born da.
God sommar til alle frå Jotun fotball !
O

Frukt må ein ha på fotballskule

Joakim, Isak og Alexander. Foto: Morten Sortland Sogn Avis

Oskar Grenager spelte kamp for Sogndal NG 16 på mandag, men var med både tysdag og onsdag.