Høyring – kommunedelplan for idrett fysisk aktivitet og friluftsliv
5. oktober 2022
Sigmund Øren til minne
30. oktober 2022
Vis alt

Tatovering med meining !

Mange av oss er så heldige at me anten er foreldre eller besteforldre til mange unge håpefulle som deltek i aktivitet i IL Jotun. Og dei fleste av oss kan heilt sikkert innrømme at det er lova både ei eller ti kroner pr antall scora mål. Men ikkje nok med det, sjokoladekake og brus i kiosken er og populære belønningar.
Men på gutar 2013 i Jotun fotball har dei ein heilt spesiell pappa. Han kunne ha lova poden sin både det eine og andre for å scora mål. Men denne flotte pappaen gjer ikkje det. For han veit at det sjølvsagt skal fleire til enn ein pode for å vinna ein kamp. Heile laget må gjera ein innsats og heile laget må utfordrast. Og det var nettopp det han gjorde, pappaen til Ola ( Sindre). Det vart full fyr i gutane etter at Sindre annonserte  fylgjande : «Vinn de kampen skal eg tatovere Jotun logoen på foten»
Så glade me i Jotun fotball blir,  når me høyrer slike solskinnshistoriar. Ikkje berre for at ein synleggjer klubben sin , men også fordi ein skapar slikt engasjement i heile gruppa. FOR EIN FANTASTISK PAPPA !!
Det synlege bevisen på veddemålet kan de sjå under. ( Og motstandar var storebror Sogndal. Alltid kjekt å vinna kampar mot Sogndal)
Arkiv bilde