Tatovering med meining !
21. oktober 2022
Symjestemne på Eid 5 og 6 november.
15. november 2022
Vis alt

Sigmund Øren til minne


arkivfoto: Sigmund Øren nr 2 frå venstre sitjande

Sigmund Øren til minne.

Det var med stor sorg Jotun fotball tok imot melding om at Sigmund Øren hadde sovna inn etter at han den siste tida var plaga av sjukdom.

Sigmund har over 500 kampar i Jotun trøya. For dei som fekk sjå og oppleva Sigmund på bana, var det brei einigheit om at han var ein toppspelar, og han hadde alle kvalitetar til å kunne ha hevde seg i toppfotballen. Dei som kjende fotballferdigheitene hans best, sa at dersom han hadde spela i ein klubb på Austlandet hadde han heilt sikkert vore å funne på landslaget.

Sigmund var ein bauta i forsvaret, med sitt overblikk og på måten han sette spelet i gang.
Han var ein lagbyggar både på bana og i garderoben. Med sitt gode humør var han eit naturleg midtpunkt.

Då han la opp si aktive karriere med seriespel for Jotun, betydde ikkje det at han la fotballskoa på hylla. Han deltok i konsernmeisterskap for Hydro. På bussturane inn til Oslo bidrog han alltid til latter og trivelege turar. Han deltok for Jotun på fleire Veterancupturneringar, og skofta ikkje ei einaste bedriftsfotballtrening inntil for få år sidan.

«Er du god å danse, er du god fotballspelar» var det nokon som sa ein gong. Om dette er forska på veit me ikkje, men det stemnde i alle fall med Sigmund. Det var få som «trakka» golvet slik som han. Lett på foten som få, og det var nok mange som skulle ynskja dei var i fru Inger sine sko når dei såg Sigmund bevege seg over dansegolvet med Inger i armane.

Sigmund har vore til inspirasjon og glede for fotballen i Årdal i mange, mange år.
Ei Jotunlegende har sovna inn.

Jotun fotball lyser fred over minnet til Sigmund Øren.

 

Kvil i fred.

Jotun Fotball
styret.