Årsmøte IL Jotun, 8 mars
1. mars 2023
Godt oppmøte på Årsmøtet til Jotun
11. mars 2023
Vis alt

Minneord Tor Bjarne

Det var med stor sorg idrettsbygda Årdal mottok beskjeden om at Tor Bjarne har gått bort etter ei tid med sjukdom.Det er utan tvil handballen som har lege hans hjarta nærast. Han byrja spela handball i Jotun som ung gut, sidan har det eskalert i mange ulike roller i denne sporten. Da han var 14 år i 1969 dømde han sin første handball-kamp. Han var saman med gutelaget for å spele kamp i Sogndal, der mangla dei ein dommar, og Tor Bjarne sa ja. Dette gav meirsmak, noko som har resultert i 5-6000 kampar i dommardrakta, både aldersbestemte og seniorkampar. Han dømde sine siste kampar sesongen 2021/22.

Tor Bjarne var ein kjend og etterspurd dommar, og saman med maker Kjell Ove Forthun fekk dei Årets Heiderspris både i Sogndal Handball og Florø Handball. Tor Bjarne var også instruktør for opplæring av andre dommarar, samt dommarobservatør. Han representerte Jotun alle åra som dommar. I periodar var han også fotballdommar.

Sjølv om Tor Bjarne var aktiv spelar både på herrelaget til ÅTIL og Jotun, tok han til som trenar allereie tidleg 1970 -tal. Han har vore trenar for både aldersbestemte lag og seniorlag i begge klubbane, dei aller fleste i Jotun. Siste laget han var trenar for, var damelaget til Jotun sesongen 2021/22.

Det er mange som har gode minner frå tida dei hadde Tor Bjarne som trenar Han var svært engasjert både på treningar og kampar, og dette smitta over på spelarane. Han ytte stor respekt frå spelarane. Sjølv om Tor Bjarne tok trenarjobben svært seriøst, var det alltid rom for humør og latter. Det vart mange felles bussturar, ofte med overnatting, og han var med med like stor iver som gjengen han reiste med. Tor Bjarne var også kretslagstrenar fleire gonger.

-I ung alder var han leiar I Sogn og Fjordane Handballkrets – Tor Bjarne var leiar i Jotun handball I 1979/80.
-I 1989 fekk fekk han Bragdstaup i Jotun – I 1993 fekk han Ærestegn i Jotun.
Tor Bjarne blir hugsa som ein triveleg og omgjengeleg kar, alltid med ein kjapp kommentar og eit smil på lur. Ein allsidig og høgt respektert handballbauta har gått bort, og saknet er stort. Me lyser fred over Tor Bjarne Midtun sitt minne.

Kvil i fred !
IL Jotun handball