Minneord Tor Bjarne
3. mars 2023
Målrock 2023
5. mai 2023
Vis alt

Godt oppmøte på Årsmøtet til Jotun

På dei siste årsmøta i Jotun har det ikkje alldtid vore trang til å setje fram ekstra stolar. Men det måtte me denne gangen. Kjekt at so mange finn vegen til klubbhuset slike kveldar.
Leiar Arnt Stølen Moen hadde ikkje muligheit å vera med denne kvelden men nestleiar Odd Øren opna årsmøtet. Før den formelle delen starta, minnest me Sigmund Øren og Tor Bjarne Midtun med eitt minutt stillheit.
Gunnar Huse vart vald til møteleiar, og drog forsamlinga gjennom årsmeldinga til Jotun. Alle gruppeårsmeldingane var og tilgjeneleg i samme heftet.  Årsmeldingane og innkomne saker vart og lagt ut på heimesida ei veke før årsmøtet.
Det kjekkaste med årsmøter er når ein får æra nokon som har vist særdeles god innsats eller har lagt ned ein solid innsats for laget.
Under listar med opp alle som vart tildelt merksemd,. Grunngjevinga ligg under bildet:
Sivert Mannsverk, Bragdstaup:

Pappa Jan Rune Mannsverk tok mot bragdstaup på vegne av sonen Sivert!
Grunngjeving:
Sivert

Christoffer Da Silva Vamråk, Bragdstaup

Grunngjevng Chrsitoffer:
Bragstaup Christoffer Da Silva Vamråk

Aina Heggæ og Sofie Moen , æresteikn

Grunngjeving :
Aina og Sofie

Stig Laberg Øvstetun, æresteikn

Grunngjeving:
Æresteikn Stig Laberg Øvstetun

Æresteikn Per Inge Bale

Grunngjeving:
Per Inge Bale

Ved årsmøter er det ofte endringar i styret. Desverre valde nestleiar Odd Øren og kasserar Mona Nytun å ikkje bli med vidare. Odd vil likevel bidra iæresteiknkomiteen. Han har gjort ein formidabel jobb som nestleiar og der er svært kjekt å samarbeide med han.
Mona Nytun har vore lenge med i Jotun, og me skal nok lokke henne innatt no når me skal stable på beina «seniorgruppe for damene også» Mona har veldig god kunnskap rundt alt som har med økonomi å gjera, og vil nok også hjelpa oss vidare med det om me har spørsmål.
Tusen takk for innsatsen begge to !

Kjell Nesse fekk tildelt blomar for ein veldig god jobb i valkomiteen. Han mottok også blomar .

Siste blomen denne gangen gjekk til Gunnar Huse som også i år losa oss godt gjennom årsmøtet.