Friidrettstemne Jotun stadion
28. mai 2023
Norwaycup 2023
6. august 2023
Vis alt

Eivind, Sissel og Sunde Resirk !

GLADSAK:
I frivilligheiten er nokre dagar betre enn andre ! Å omgje seg med aktive, kjekke ungar og trenarane deira kvar einaste dag gjer ein glad! Ungar og ungdomar som boltrar seg i det unike tilbodet me har i idrettslaga kvar einaste dag håpar me er eit prov på at klubbane og friviligheiten gjer noko rett.
Når det i tillegg dukkar opp uventa støtte frå enkelt personar og bedrifter, ja da gir det meining å legga ned nokre ekstra timar for frivilligheiten.

Jotun fotball har ein svært god dialog med Årdal kommune ( Oskar Seim og Bjørn Indrebø) angåande bruk av Svalheim. Det er kapasitetsmessige utfordringar når det gjeld bruken av kunstgrasbana før grasbana er klar til bruk. Fotballgruppa er difor glade for at me har fått sett opp 3×3 baner på Svalheim.
Her har avtalen vore at fotballgruppa slår graset inne i banene og ein metar utanfor, medan kommunen slår resten av bana. Me har hatt eit ynskje om å få kjøpe eigen traktorgrasklippar. Men det kostar mykje pengar. I tillegg ynskjer me å ha eit lite skur ved bana på Svalheim der me kan låsa inn grasklipparane våre. Dette kostar pengar ! I eit møte med seniorgruppa vart denne saka omtala. Da kunne Kåre Vee fortelje at han hadde ein nabo som hadde kjøpt seg robotgrasklippar og ville prøve å selje traktorgrasklipparen sin. Leiar Henrik Rønningen heiv seg rundt og ringte til vedkomande med ein gang ( utan å presentere seg i regi av Jotun). Eivind Bævre og Sissel Vee ville koma tilbake med pris til Rønningen. ( og det var lov å pruta sa dei).Henrik og seljarane vart enige om ein pris. Men ikkje lenge etterpå ringte Bævre tilbake, da hadde han og sambuar Sissel vorte enige om at dei ville gi klipparen gratis sidan det var idrettslaget som skulle bruke den. No er klipparen henta og testa og fungerer flott ! Me har ein fantastisk gjeng med trenarar og foreldre som stiller opp og slår graset på Svalheim. Med det håpar me også at me kan avlaste kommunen med denne jobben. No slår me når det er behov i staden for at me skal forvente at kommunen kan stille opp akkurat når me måtte ynskja det. Banene står oppe heile tida. Når ikkje fotballgruppa bruker dei , er det fritt fram for ungane i byggefeltet og nytte banene. Og dei er flittig brukt av alle og det likar me !
TUSEN TAKK EIVIND OG SISSEL, FOR AT DE ER FASTE STØTTEMEDLEMAR I IL JOTUN OG AT DE HAR GITT OSS DENNE GÅVA !

OG ENNO EI GLADSAK:
IL Jotun er 100 år. I den forbindelse har Jan Egil Fimreite skrive og ferdigstilt jubileumsboka. Denne veka var den ferdig og klar til å fraktast frå trykkeri. Og kva gjer med da ? Ikkje berre, berre og reise med privat bil og lesse inn tusen bøker og køyra heim …Da ringer me selfølgeleg til Jens Vidar Sunde og sjekkar mogelegheitene for frakt. Han stiller opp som han alltid gjer, og fraktar bøkene gratis til oss.
Ikkje nok med det ! Bøkene skal og lagrast. Da er Sunde Resirk der att, med hjullaster for å løfte bøkene av bil og så nære klubbhuset som muleg. Årdal Kommune er der med jekketralle og hjelper våre frivilige å få bøkene på plass i klubbhuset.   TUSEN TAKK SUNDE RESIRK FOR AT DE STILLER OPP !
Jubileumsboka kan de få kjøpt på Torget laurdag 10. juni frå kl 11.30 – mange er alt førehandsbestilte.