Eivind, Sissel og Sunde Resirk !
9. juni 2023
Dommar Norwaycup !
6. august 2023
Vis alt

Norwaycup 2023

Årets cup er historie. Etter tilbakemeldingane å dømme har det nok ein gang vore suksess. Enda ei veke som er lagt til kontoen for gode minner og opplevingar både på og utanfor bana.
Reiseleiarane melder om ein kjekk gjeng å reise med. Ekstra gledeleg for spelarane i år, var at det heilt uventa dukka opp bidrag frå sponsorar øyremerka til sosiale tiltak.

Ei stor takk til HMR Hydeq AS, Årdalsnett AS og Agnitio AS. Laga har gjort ein stor innsats på førhand og skaffa seg dugnadsinntekter som salg av kamplotteri, grilling på Torget og salg av tippetips. I tillegg har laga brukt premiepengar frå KM til å redusere eigenandel.

Når denne gledelege meldinga frå sponsorar kom stod jubelen i taket. Ikkje alle er like glad i maten som vert servert på «sletta», og da kjem det godt med å kunne reise ut og nyte eit godt måltid saman med lagkameratar og trenarar/reiseleiarar. Jotun hadde tre lag i årets cup. I tillegg hadde Jotun spelarar på samarbeidslaget Åtil/Jotun i klasse G14.
Tusen takk til sponosrane våre !
Ei sportsleg oppsummering:

Suverene vinnarar i gruppespelet med 9 poeng.
Gjekk vidare til 1/16 dels finale i A sluttspelet der det etter ein svært spennande kamp endar med tap 1-2 mot Sædalen idrettslag.

G 15/16 gjekk vidare til 1/4 finale i B – sluttspelet. Der møtte dei eit sterkt Lesja lag som tok sigeren 3-0 over Jotun gutane.

Jenter 14 gjekk vidare til 1/8 dels finale i B sluttspelet. Der vart det desverre eit seigt tap mot Sula / Langevåg 0-1.

 


Samarbeidslaget Åtil /Jotun som er administrert av Åtil tapte desverre sine kampar i gruppelspelet.
Kampar som likegodt kunne enda i favør av Åtil. Jamne, spennande kampar.
Åtil rauk ut i 1/64 delsfinalen i B-sluttspelet.

TUSEN TAKK TIL TRENARAR OG REISELEIARAR SOM STILLER OPP ÅR ETTER ÅR, BRUKAR FERIEN SIN FOR Å REISE PÅ CUP MED UNGDOMANE.LIGG PÅ FLATSENG PÅ SKULE I EI VEKE. FOTBALLEN HADDE IKKJE GÅTT RUNDT UTAN DYKK!!
Takk til sjåførane som stiller opp fleire år på rad for å frakte spelarane trygt på cup !!

Det er mykje planlegging av cup. Styret har bestemt at ein alt startar arbeidet i september. Så rett etter skulestart vil cupansvarleg Marianne Hestetun kalle inn trenarar og oppmenn til møte og starte arbeidet.
Me gler oss alt til cup 2024 anten det vert Norwaycup eller anna cup.