Norwaycup 2023
6. august 2023
Innkalling til ekstraordinært årsmøte
6. september 2023
Vis alt

Dommar Norwaycup !

Me har nett lagt ut sak om kjekk deltaking for Jotunlaga på Norwaycup. Det er ikkje berre spelarar som har vore i aktivitet på «sletta». Underteikna kjenner ikkje til at me tidlegare har stilt med dommar på Norwaycup ( iallefall ikkje dei siste åra). Men i år kan me stolt informere om at Matthias van Menxcel har hatt ei travel veke på Norwaycup. Ikkje mindre enn 25 kampar har han notert seg for.
Det er ikkje meir enn 1,5 år sidan han starta på dommarkurs. Matthias har heilt fram til den siste sesongen også spelt på Jotun sine aldersbestemte lag. Men dømminga tok mykje tid og han bestemte seg for at det er dette han vil satse på.
IL Jotun som klubb er utruleg stolte over den jobben han har gjort og gjer. Trass i sin unge alder har han i tillegg til aldersbestemte kampar, vore : hoveddommar i 5 div, assistentdommar i 4 divisjon, assistentdommar for 2 div kvinner. I går var han på Fosshaugane og stilte som AD i kampen mellom Sogndal fotball damer mot Molde.
Me har hatt ei stor dommargruppe siste åra under leiing av Davy van Menxcel. Her har me hatt med røynde dommarar som Rune Hunderi, Roy Andre Bergerud og Hermann Vigdal Øren.
Rune har ofte vore ein av  veilledarane og til god inspirasjon for Matthias. Matthias viser ei solid interresse for dommargjerninga og det er tydeleg at dette gjer han ikkje berre for honoraret. Matthias har og hatt god støtte i pappa Davy som har køyrt den unge dommaren rundt i fylket på dommaroppdrag.
Underteikna har fått lese rapporten frå veiledaren til Matthias under Norwaycup. Og for å seie det slik….det gjer oss enda meir stolte. Toppkarakterar frå A til Å.
I dag set Matthias og pappa Davy kursen mot Hamar. Der skal pappa Davy starte som IT ansvarleg på Storhamar skule og Matthias skal bli elev på same skule på ei nyoppretta linje for dommarar. Heilt midt i blinken for Matthias.
For Jotun som klubb er det med blanda følelsar me ser slike resurrspersonar forlate oss. Davy og familien kom til Årdal i slutten av juli 2020. I desember 2020 engasjerte han seg som trenar. Han tok over som hovudtrenar for G13/14 laget til Jotun. La ned masse arbeid med planlegging og treningar. Tok på seg å vera dommaransvarleg i klubben etter pandemien. Og denne jobben vart lagt merke til på kretsnivå, der Jotun vart heidra på miljøhelga til fotballkretsen i november 2022.
Davy har alltid vore oppteken av system og utvikling. Gjennom sitt engasjement i Belgisk fotball har han stifta mykje kjennskap til toppklubbar og personar som har vore trenarar i toppklubbar. Han stod i bresjen da Anjo Coppus kom til Årdal som hovudtrenar for ei fotballsamling i april 2022.
Davy er utdanna UEFA B trenar og var egasjert i fotballkretsen som kretstrenar for jenter 2008.

I tillegg som IT ansvarleg på Storhamar skule skal Davy inn i betalte stillingar på fritida. Han skal vera hovudtrenar for G2008, assistenttrenar for J 2013. I tillegg skal han ha eit spesielt ansvar for alle dei spelarane som «ligg og luftar på uttak til kretslag»
Davy har sagt at han framleis vil hjelpe til med organisering av dommargruppa, men sjølvsagt kkje i den grad han har gjort hittil.
Me takkar Davy for engasjementet og innsatsen og ynskjer både han og Matthias lukke til på Hamar med ny jobb og skule .