Den siste dagen i året er komen. Me har lagt bak oss eit år der me i lag med alle ordinære aktivitetar, har feira oss sjølve som 100 åring. På denne dagen ynskjer me nok ein gong å takke alle som gjorde denne feiringa så flott . Alle bedrifter som gav oss både pengegaver, gåver og blomar. Hovudsponsorane våre som støttar oss kvart einaste år . Sparebanken Sogn og Fjordane, Årdal Kraftlag og Årdalsnett som sørgjer for at me kan oppretthalde den store aktivitetetn me har. Takk til Hummel som bidreg med store utstyrsmidlar gjennom utstyravtalen med dei.
Ei kjempestor takk til barnehagane i Årdal som bidrog med så flotte teikningar og maleri til kunstutstillinga i klubbhuset. Håpar mange har fått sett alt dette flotte arbeidet. Utstillinga har stått oppe sidan i mars. Kvar einaste teikning vil bli teken godt vare på . Tusen takk til borna og alle dei vaksne i barnehagane som fekk dette til.
Ei nyttårshelsing kan ikkje skriviast utan å nemne ryggmargen i idrettslaget vårt. Den viktige seniorgruppa som står på med stor og smått året i gjennom. Tusen takk for arbeidet de legg ned for oss!
Me takkar alle som har teke eit ekstra tak i arbeidet med jubileet og jubileumsboka. Og ei kjempestor takk til Jan Egil Fimreite for å sy historien vår saman. Takk og til Årdal Kommune for godt samarbeid.
I løpet av januar skal året gjerast opp. Valkomitear skal i gang. Nokre forlet sine styreverv medan nye kjem inn. Og den økonomiske statusen for idrettslaget skal gjerast opp.
Me er heldige i IL Jotun som har så mange som engasjerer seg i treningskvardagen. Flinke vaksne som tek seg av ungane våre kvar enaste dag.
Ikkje alle rundt oss har det like bra. Krig og elendigheit som driv tusenvis på flukt frå heimane sine. Me føler oss makteslause og får gjort så alt for lite.
Det me kan gjera er å ta godt i mot dei som kjem til bygda vår, hjelpe dei å bli integrerte i samfunnet vårt. Og bli integrerte i idrettslaget vårt. Det er ein god og viktig plass å vera for barn og unge.
IL Jotun vil ynskja dykk alle eit Godt Nytt år ! Ta vare på kvarandre og ver snille med kvarandre.
Kunst frå barnehagane: