Endeleg siger
24. mai 2015
Påmelding knøtteturnering på Årdalstangen søndag 14. juni
8. juni 2015
Vis alt

Solid bortesiger

Samarbeidslaget Jotun/ÅTIL/Årdal 2 tok i dag turen til Hillvang der Askvoll/Holmedal var motstandar. AHIL har spela kun 2 kampar i år, det har enda med ein siger og ein uavgjort.

Det var bortelaget som starta best i dag, og etter omlag 15 minuttar sytte Kenneth Aspeseter Hagen for 0-1.  Jotun/ÅTIL/Årdal 2 fortsatte å presse, og Ruben Aspeseter auka leiinga 10 minuttar seinare, 0-2! Like før pause reduserte AHIL til 1-2.

Som i fyrste omgang tok bortelaget initiativet, og Mathias Madslien auka leiinga til 1-3. Det er av sine eigne ein skal ha det, og x-AHIL spelar Ruben Loftheim fastsette sluttresultatet til 1-4.
Det er no litt kjekkare å sjå på tabellen, med siger i dei siste 2 kampane klatrar laget til over midten i 5. divisjon avdeling 1.

Kampfakta:
0-1, Kenneth Aspeseter Hagen
0-2, Ruben Aspeseter
1-2, AHIL
1-3, Mathias Madslien
1-4, Ruben Loftheim

Startoppstilling:
1 Sivert Larsson
2 Jonas Madocs
3 Truls Sylvarnes
4 Julian Kvam
5 Mathias Madslien
6 Sondre Offerdal
7 Ruben Loftheim
8 Ruben Kubendran Aspeseter
9 Kenneth Aspeseter Hagen
18 Kevin Øy
11 Ole Gunnar Valsvik
———————————–
Innbyttarar:
10 Ørjan Loftheim (!)
13 Anders Larsson
14 Haakon Gullaksen
15 Tore Ø Vee