KM på heimebane – ei flott oppleving !
27. november 2017
Trenarforum med «noko attåt» !
7. desember 2017
Vis alt

Arne Eldegard fyller 100 år !

IL Jotun vil gratulera æresmedlem Arne Eldegard som fyller 100 år 30 november. Arne er æresmedlem i Jotun, noko han fekk for sin lange og flotte innsats for laget

Litt av det Arne har teke på seg for Jotun er å vere leiar, noko han var 1951 og perioden 1953-1956

Arne har og lang fartstid i handballen, denne var han med å starta opp i Jotun i 1946 med første kamp mot Lærdal 4 Juli 1946.Han har og vore leiar i handballen i ei årrekke og var blant dei første som vart autorisert dommar i Sogn og Fjordane tilbake i 1949
Det er ein aktiv og viktig bidragsytar for Jotun som i dag fyller 100 år  

 Gratulera så mykje med dagen fra oss i Jotun