Norway Cup – sluttspillet er i gang
1. august 2018
J13 i Norway Cup 2018
Norway Cup – kort oppsummert
4. august 2018
Vis alt

Til minne om Anders G. Hestetun

Anders Hestetun gjekk vekk i ein alder av 85 år. Han har vore ein svært viktig person i Jotun fotball si historie. Anders markerte seg alt som juniorspelar. Var utteken til krinslaget. På 50 talet spelte han på det laget som vann krinsmeisterskapen 10 år på rad, frå 1951 tom 1962. Så her var dei overlegne. Anders fekk mellom anna fotballkretsen sitt merke for innsatsen sin. Anders var toppscorar i Jotun inntil Ole Gunnar Hunderi tok over tittelen. Han scora heile 274 mål fordelt på 262 kampar.  ( 1,04 mål pr kamp).
Det var ikkje berre på fotballbana Anders gjorde seg bemerka. Han tok også dommarutdanning og dømde utallige kampar. Han var ein viktig person rundt aldersbestemt fotball og i rekrutteringa av dommarar innad i Jotun. Me er fortalt at Anders dømde til han hadde passert 75 år.
Det var ikkje berre Jotun som hadde gleda av hans kompetanse som dommar.  Veterancup som i år hadde 20 års jubileum, hadde gleda av å ha Anders på sidelinja i mange år. Dei siste åra var han fast dommar på damelaga som var med. Damelaga var svært begeistra for Anders og det gode humøret hans.  Han hadde alltid gode kommentarar på lur.
Jotun fotball vil minnast Anders med stor glede.  I staden for blomar , er ei siste helsing sendt til dagsenteret ved Årdal sjukeheim.
Jotun fotball set pris på om de kan dele gode minner frå Anders si tid i Jotun,  i kommentarfeltet under.
Me lyser fred over Anders G. Hestetun sin minne.

Jotun Fotball.