Geir Frode Rudi har vore trenar i Jotun fotball i mange år. Siste åra har han gjort ein svært god jobb med jentene i kulla 2005 og 2006. Pokalane på bildet er det desse jentene som har henta heim. To pokalar og vandrepokal frå Fåberg, samt avdelingsvinnar i sesongen 2019.
Rett før jul fekk Geir Frode ein førespurnad frå Sogndal v/ Karianne Brøndbo Bergheim. Dei hadde søkt idrettskretsen om midlar for ekstra tiltak for jentenefotballen i Sogndal. Og det er veldig hyggeleg for Jotun som klubb og Geir Frode at han har fått førespurnad om å leie desse treningane. Geir Frode fyller opp 9setaren og tek med seg Jotun jenter til trening i Sogndal alt fyrstkomande søndag.
I utgangspunket var dette eit tilbud for 2004 og 2005, men det vil bli gitt tilbud til både 03 og 06. Samt at det vil delta jenter frå 2002.
I denne aldersgruppa er jentene travle. Det er ikkje berre fotball dei har som fritidsaktivitet. Dei driv også med handball, turn og andre ting. Så det er ikkje så lett å planlegge tid for treningar.
Men dette er eit flott og veldig viktig tiltak for å freiste å halde jentene i fotballen enno lenger. Ved å samle fleire jenter på feltet kan ein gjennomføre betre treningar. Og jentene vert godt kjende på tvers av klubb.
Sist sesong hadde ikkje Jotun damelag. Utifrå oppdatert spelarliste ser det vanskeleg ut også i år. Men me håpar i det lengste at me kan få til noko. DET ER SVÆRT VIKTIG AT ALLE SOM HAR LYST Å BLI MED Å SPELA FOTBALL OG SOM IKKJE HAR TILBUD, TEK KONTAKT MED OSS. Geir Frode er i full gang med innetreningar og alle er hjarteleg velkomne til trening. Har du Facebook konto og ynskjer å bli med å spela fotball, kan du be om å bli medlem av «superjenter 14-17» på Facebook. Geir Frode tek vel i mot alle som ynskjer eit fotballtilbud i alderen 14-17 år. Er du eldre og ynskjer eit dametilbud, tek du kontakt med: Ruth@iljotun.no.