God jul !
24. desember 2022
IL Jotun ynskjer godt nyttår !
29. desember 2022
Vis alt

Avslutningsfest for ungdomsfotballen Jotun !

Det har etterkvart vorte tradisjon å ha samla avslutningsfest for ungdomsfotballen i Jotun på Bakeriet  som markering på avslutning av sesongen.
Her stiller styret opp og hakkar grønsaker og steiker kjøttdeig for å klargjera  taco til ungdomane. Heidi Svori stilte også opp under avslutninga og var med  å servere og rydde. Som tidlegare år er det nomineringar og kahoot.
I år var det ekstra stas at me fekk besøk av Sivert Mannsverk, Eirik Lereng og Leander Øy. I samtale med leiar Henrik Rønningen fortalde dei alle om stega dei har teke og om livet i proffotballen. Dei fortalde om oppturar og nedturar. Sivert har etablert seg i Molde men understreka at det var viktig å ta vare på venskap, kosa seg medan ein spelte på aldersbestemt klubbnivå. Både Fåbergcup, Norwaycup og Danacup er minner som dei alltid tek med seg vidare.
Det var stilt i salen medan gutane snakka , så det var tydleg at dette sette ungdomen pris på.
I salen sat også Julian Lægreid som i desse dagar har signert kontrakt med SK Brann. Vil tru at han tok med mange gode tips vidare frå desse tre fantastisk kjekke gutane.
I tillegg til våre hovedsponsorar som støttar oss heile året:
Sparebanken Sogn og Fjordane
Årdal Kraftlag
Årdalsnett
kjem me ikkje utanom å nemne Årdal Catering. Både i fjor og i år sponsa dei heile kostnaden med avslutninga. I tillegg har dei sponsa julebord for seniorgruppa til Jotun og fotballen sin bokkveld i forbindelse med jubileumsboka: Tusen tusen takk Henrik og Jan Tore !! De er heilt utrulege !!
Me vil takka Sivert , Eirik og Leander for at de tok turen innom. Det var veldig kjekt !!
Me ynskjer alle ei fortsatt fin og fredfull jul !!