Den fyrste kampen
23. desember 2012
Førkrigstida
23. desember 2012
Vis alt

Eigen serie i Indre Sogn

Den 14. juli er det Luster som kjem på vitjing. Det hadde gjenge store ord om dette laget. So denne gongen var det ingen som tok sigeren på fyrehand. Nei, dei fleste frykta det verste. Men denne gongen lukkast det. Då kampen var slutt hadde Jotun vunne 2-1. Og jubelen var stor.
juniorlaget1950

Den 29. juli vann Jotun over Skjolden med 5-1. Og dette gjorde at laget fekk sin fyrste tur utanbygds til Skjolden og vann 1-0. Den 13. aug. spela Jotun sin siste kamp dette året mot Røn, Valdres, og denne gongen vart sigeren so stor som 7-1. I denne kampen kom det fram det som hadde gjort Jotun frykta hjå dei fleste lagi – den store farten.

 

Alt i alt måtte ein segja at fyrste året hadde vore sers vellukka både sportsleg og økonomisk. A v 5 kampar var 4 sigrar og eit tap. Dessutan kunde laget setja ein god slump i banken.

For folket i bygdi hadde desse søndagane med fotballkampar vore reine festdagar. Ja, for det var ikkje so mykje å ta seg til i den tidi.
jotun1954

 

Laget vart no innmeld i krinsen, og fekk eigne lover. På grunn av dei lange avstandane i Sogn og Fjordane var det uråd for eit lag frå I. Sogn å vera med i dei obligatoriske krinskampane. Krinsstyret gjorde difor vedtak om å skipa ei eigen avd. for Indre Sogn. Og dessutan vart det oppsett ein pokal, som skulde vinnast 2 gonger .

 

Fire lag melde seg. Det var Jotun, Aurland, Sogndal og Modig. I fyrste kampen skulde Jotun møta Modig i Fresvik. So denne våren vart treningi drive nokso ivrigt. Laget hadde ikkje berre sjansen til krinsmeisterskapet å tenkja på, men ogso ein kjærkomen revansje. Dagen før avreisa hadde A/S Årdal D/S fått ein ny motorbåt til Tangen, som skulde nyttast til bilferja på Årdalsvatnet. Denne baud selskapet at Jotun skulde få gratis. Det vart difor mykje folk som vart med på denne turen. Det vart ingen revansje. Kampen enda uavgjort 4-4. Den mest spanande kamp som Jotun har hatt både før og seinare.

 

Etter kampen diska Modig opp med gratis kaffi til både spelarar og dei som var med på turen. Ja, det var greie idrottsgutar i Fresvik. Den 2. kampen gjekk og på utebane. Denne gongen i Aurland. Det gjekk store ord om aurlendingane. Ja, dei hadde sagt seg heilt sikre på meisterskapet. Det var difor ikkje rart at det måtte ordnast med 2 ekstrabåtar til alle som vilde vera med.
jotun&raufoss1956

 

Og ein stor kamp vart det. Ofte i hardaste laget. So det var bra at det var den myndige domaren Refsdal frå Høyanger som dømde. Resultatet vart uavgjort 2-2. Anders Fredheim hadde ein stor dag i denne kampen. Eit mål som han skaut frå vingen, vart ofte omtala etterpå.

 

Etter denne kampen hadde laget Refsdal som trenar ei vikes tid. Kvar kveld vart det drive på. Og kor ivrige dei var syner dette: Krestoffer Midtun, Gunnar Hestetun og Torvald Moen arbeidde i tunnelen på 1.000 meteren. Kvar kveld etter at arbeidet var slutt, gjekk dei den lange vegen ned og var med på treningi. Etterpå den same vegen oppatt. Ja, ein kunde ynskja det skulde ha vore slik i dag og.

 

So skulde Jotun ha sin fyrste heimekamp mot Sogndal. Sogndal hadde ikkje gjort det bra til denne tid. So alle trudde dette skulde bli eit lett bytte. Men det synte seg som ofte at ein skal ikkje undervurdera sin motstander. Det heldt på og skulde gå gale. Men kampen enda då uavgjort 3-3.

 

Og so var vårkampane ferdig spela. Jotun hadde 3 poeng, men Aurland hadde 5. So det såg ikkje so bra ut. Men alle trøysta seg med at no vart det berre heimekampar, og då skulde ein ta att det tapte. I den fyrste haustkampen mot Aurland vart det og uavgjort 2-2. So no såg det reint skralt ut. Men når det gjaldt publikum hadde denne kampen slege alle rekordar .

 

Og so kom kampen mot Modig. Og endeleg vart det revansje med heile 5-1. Etterpå kom det opp at Aurland hadde nytta ein ulovleg spelar i kampen mot Jotun. Det vart nedlagt protest som Jotun vann og dermed kampen.

 

Sogndal trekte seg frå den siste kampen, og i mellomti di hadde Modig slege Aurland, og dermed vart Jotun krinsmeister, og sin fyrste aksje i den oppsette pokalen. Dei som fekk den æra og pryda den fyrste diplomen var desse: Tomas Midtun, Henrik Hæreid, Teodor Solheim, Torleiv Hjelle, Krestoffer Midtun, Gunnar Hestetun, Karl Midtgard, Olav O. Vee, Arne Øren, Alf Moen og Anders Fredheim.