Førkrigstida
23. desember 2012
50-åri
23. desember 2012
Vis alt

Lange reiser

I 1941 gjorde ei ny tid seg gjeldande i Årdal. Gravemaskiner byrja å rasera ut den vesle plassen som hadde gjeve slike hugnadsstunder. Mange var harme. Ingen tenkte vel den gongen på at den skulde verta tuft til ein fabrikk, som skulde gje vilkår til eit større og rikare Jotun.

 

Når det er ofra so stor plass på fotballen før krigen, er det for at denne tidbolken er ukjend for dei fleste som er med i dag.

 

Fotballen etter krigen er so kjend, at det difor berre er teke med eit kort samandrag over dei viktigaste hendingane. Det var ikkje so greit å gå i gang i 1945. Den gamle bana hadde lote vike plass for fabrikkane som var komne. Når det gjaldt utstyr, var det heilt vonlaust å få tak i støvlar og ballar. Dei som hadde støvlar før krigen, måtte på grunn av den strenge rasjoneringa i krigstida, taka desse i bruk til meir tenlege formål.

 

Treningi kom då likevel i gang. Den vesle bana ved «Messa» , som vart bygd under krigen, var høveleg som treningsplass. Ein kunde med ein gong sjå, at ein flokk nye, lovande ungdomar var komne med. Fram på sumaren kom innbyding frå Fagernes om å spela ein kamp der den 29. juli.

 

Laget hadde ikkje midlar, so turen måtte spelarane kosta sjølve. Men det var ikkje greidt med transporten. Det var ingen bensin, og med gassgenerator kunde ein ikkje koma opp svingane. Ein måtte difor reisa med trallebana til 1000- meteren, og derifrå vidare med lastebil.

 

Fagernes hadde om sumaren hatt landslagsspelaren Gustav Rehn, som trenar. I ei samtale med «Valdres» hadde han uttalt at Fagernes låg på same nivå som Gjøvik/Lyn.

 

Dei var difor ikkje høge i hatten Jotungutane då dei gjekk på bana. Sist dei møttest, tapte Jotun 10-0 på heimebana. Korleis skulde det gå denne gongen. Men merkeleg nok, det var Jotun som med ein gong fekk overtaket. Gjennom heile kampen pressa dei. Og det var ein jubel utan like, av alle årdøler som hadde greidt kome seg over fjellet, då Selmer Veeheirn laga sigersmålet rett før slutt.

 

I oktober vitja laget Høyanger for fyrste gong. I alle år hadde Høyanger for det meste dominert fotballen i krinsen. Denne hausten var Falken i storform. Dei hadde m.a. slege Bergens B-bylag 6-2. So det var ikkje rart at det var tippa nederlag med 2-sifra tal. Ja, det vart ymta om å ta kuleråma. Men det gjekk bra alikevel. Jotun leida etter 1. omg. Med litt flaks kunde det ha vore uavgjort. Falken vann alikevel 2-1. Kåre Hval, Mjøndalen, var ei god støtte på laget.

 

I 1946 vart den nye idrottsplassen på Tennegrandane opna, med Falken A- og B-lag og Tangen som gjester. Jotun fekk her revansje på Falken med 1-0.

 

Dette året vart og krinskampane sett i gang att. Som før krigen vart det Aurland, som no og vart hardaste motstandaren. Det sto likt i poeng, men Jotun vann på betre måldifferanse. I dei vidare kampane vart det 2-0 over Vik og i finalen mot Dale 4-3 etter ekstraomganger.

 

Ellers spela Jotun mange kampar denne sumaren. I august gjesta Jevnaker laget. Eit lag som hadde god klang i norsk fotball. Sjølvsagt vann Jevnaker. Men det var moro å sjå at i den kampen var det ikkje so stor skilnad på austlands- og sognefotballen. I alt spelte laget 15 kampar. 11 med siger og 4 med tap. På 8 heimekampar var det ei bruttoinnkoma på kr. 4.600,00. I 1939 var det på 5 kampar kr. 300,-.

 

Ja, tidene hadde forandra seg. På vårparten i 1947 hadde laget Boger Borgesen, Jevnaker, som trenar. Dette året stilte Jotun for fyrste gong med juniorlag. Ei gruppe innan laget som i åri framover skulde skaffa Jotun mange bragder. Dei vann alle sine krinskampar, og i finalen 2-0 over EID. I kampen om vestlandsmeisterskapet vart det diverre tap for Årstad i Bergen.

 

Seniorlaget vann og alle sine krinskampar, men tapte for Dale i finalen. Jotun hadde dette året internasjonal gjesting. Det var det danske lag Ribe. Jotun spelte ein av sine beste kampar. Og vann 6-1.

 

Dette året vart det sett rekord når det gjaldt publikum. Det vart selt 1130 vaksne bilettar til krinskampen mot Sogndal. Etter opptak av Jotun skulde lagii I. Sogn frå hausten 1948 spela i A-klassen. I kvalifiseringskampene om våren vann dei stort alle sine kampar. Men om hausten gjekk det dårleg: Det vart 2 tap 1 uavgjort og ein siger. Med juniorlaget gjekk det heller ikkje so bra. Dei vart utslegne av Vik etter omkamp.

 

I pinsen var A-laget med i Falkens jubileumsturnering. Vi hadde og denne sumaren vitjing av Gjøvik/Lyn med A- og juniorlag. Det vart di verre tap i båe kampar.

 

På grunn av den dårlege innsatsen i haustkampane, vart det vanskeleg å ta igjen førespranget som Vik hadde fått. Dei gjorde sitt beste. Alle vårkampane vart vunne stort. Men Vik vart alikevel avd. meister med 2 poeng meir.

 

Elles hadde laget mange privatkampar dette året. M.a. Baune, Bergen og Steinkjer. Der vart resultata 2-1 og 2-2.

 

Då sesongen skulde ta til i 1950, stod laget utall bane. Veevollane var den einaste plassen det kunde vera tale om. Og denne fekk laget leiga. Frå denne sesongen vart det gjenge over til den nye spelebanen att: Indre Sogn måtte atter spela i B-serien. Den var inndelt i soner, so Jotun kunde stilla med 2 lag. Båe lag vann sine avd. og vart krinsmeistrar.

 

Men det var i grunn juniorlaget som kom til å setja spiss på sesongen. Utanom å verta krinsmeistarar, vart 7 spelarar uttekne på krinslaget i Vestlandsmeisterskapet mot Bergen. Fyrste kampen som gjekk i Bergen, enda 3-3. Om- kampen vart og spela i Bergen, og der tapte dei knepent 2-1. Desse var med: Håvard Øren, Ragnvald Øren, Håvard Midtun, Oddmund Veeheim, Anders Hestetun, Kristian Hestetun og Olav Øren jr.

 

I juli månad gjorde senior og junior laget saman med handballgjentene ein vellukka tur på Østlandet. Turen som varde ei vika, var ei stor oppleving. Lagi var stasjonert på Jevnaker, med idrettslaget der som vertar. Det vart spela fleire kampar rundt om i distriktet, dessutan var handball- gjentene ein tur innom Oslo og spela mot norgesmesteren, Oslo Handballklubb.

 

På grunn av banetilhøve vart det uråd å skipa til privatkamper denne sumaren. Det vart spela ein kamp mot Ørn, Trondheim, som Jotun vann 6-3. Men på grunn av litt uheldig etterspel, vil ein helst gløyrna heile kampen.

 

Etter forslag av Jotun, vart det vedteke at no skulde Indre Sogn spela i A-serien att.

 

På vårparten var dei fleste av spelarane opptekne med å leggja nytt dekke på idrettsplassen. So det vart lite tid til trening. Men likevel gjekk det bra. For fyrste gong i laget si soga vart Jotun krinsmeister i kl. A. Juniorlaget vart og krinsmeister og dessutan hadde dei dette året og 6 mann med på krinslaget, nemleg: Oddvar H. Øren, Magne Moen, Per Hjelmås, Oddvar A. Øvstetun, Alf Midtun og Arvid Hestetun. Idrettsplassen med nytt banedekke vart teke i bruk 14. juli med desse lagi som gjester: Falken, Moelv og Tangen.
malfest mot tangen

I 1952 deltok laget for fyrste gong i cupmesterskapet, og møtte Voss i 1. kv. runde. Det måtte omkamp til før Jotun gav tapt. Ellers vart laget krinsmeister dette året og. Jotun sto ellers for tilskipingi av krinslagkampen mot Valdres, der SOgn og Fjordane vann 4-1. Jotun hadde desse med på laget:
Kåre Sterri, Steinar Øren, Arnold Øren, Edvin Hestetun og Anders Hestetun