Glade ungar, sol og flott avslutning!
5. mai 2017
Obs! Obs! Skadar og medlemsskap !
6. mai 2017
Vis alt

Vårfest på Torget 13 mai!

På førespurnad frå Årdalsenteret har G12 laget til IL Jotun med Sven Asbjørn Nundal i spissen, teke på seg grilling og aktivitetar på Torget laurdag 13 mai.
Nytt høve denne dagen til å støtte fotballen med å handle grillmat. Det ryktast at det og er muleg å kjøpe kaffi. Dei tenner opp grillane kl 10 på morgonen og held på til kl 15.00 Perfekt å ta middagen ute denne dagen.
Innimellom eting og aktivitetar kan de ta turen innom alle dei fantastisk flotte butikkane me har i Årdal.  Dei står alle klare til å ta imot oss.  Hugs på at butikkane støttar våre aktivitetar med basargåver, gåver til lynlotteri osv.  Det er viktig at me støttar tilbake !!

I tillegg til salg av grillmatt, vil ein av hovedsponsorane til IL Jotun, Indre Sogn Sparebank – ekte lokalbank ved di sida ha VIPPS stand.  Her får du muligheit å oppdatere deg på det siste innan denne betalingsløysinga. Jotun er oppe og går på betalingsløysinga og kan ta imot betaling for grillmaten via Vipps.

IL Jotun vil  sitje på Torget og selje medlemskort. Desse kan  og betalast via Vipps om de ynskjer!

Velkomen til ein flott laurdag på Torget den 13 mai !