Siger mot Førde
25. september 2014
Solid sesongavslutning
30. september 2014
Vis alt

3-1 siger over Sogndal

Jenter 13/14 7ar spelte i kveld bortekamp mot Sogndal, og etter 70 spelte minuttar var det dei raude og grøne som kunne jubla etter å ha sigra 3-1.

Fyrste omgang var det Jotun som var best, men det var likevel Sogndal som tok leiinga. Dei fekk pirka ballen i mål frå kort hald.

Jotun kom raskt tilbake, og på ein kårner avslutta Lisa Horpen rett på målvakten til Sogndal. Ine Myrland var raskt framme på returen og sette ballen kontant i mål. Jotun fortsette å pressa Sogndal, og like før pause spela Hanne Vikøren elegant Anna Eldegard gjennom, og åleine med målvakta gjorde ho ingen feil og skåra sikkert. Jotun kunne ha skåra fleire mål etter dette, mellom anna hadde Lisa Horpen 2 flotte avslutningar som strauk stolpane.

2. omgang starta som fyrste slutta, med eit lite overtak til Jotun. Litt utover omgangen tok Sogndal meir og meir over, men Martine Nordmo Nes tok hånd om det som kom.

Eit kvarter før slutt var kampen avgjort. Ine Myrland tok eit raskt innkast til Hanne Vikøren. Hanne sette ballen i mål frå skrått hald, og fastsette sluttresultatet til 3-1. Sogndal hadde nokre halvsjansar på slutten, men sigeren var i realiteten aldri truga etter 3-1 målet.

Trenar Svein Arve Myrland var svært nøgd etter kampen. -Dette var ein typisk lagsiger, der alle jentene jobba og sprang heile kampen. I tillegg hadde me mykje flotte angrep der ballen gjekk fint mellom spelarane. Samtlege spelarar får meir enn godkjent i kveld, avsluttar Myrland.

Med 2 kampar igjen å spela er laget sikra 2. plassen i serien.

Bak frå venstre: Anja Einan,  Ine Myrland, Anna Elise Nese, Lisa Horpen og Line Evjestad. Framme frå venstre Hanne Vikøren, Martine Nordmo Nes og Anna Eldegard

Bak frå venstre: Anja Einan, Ine Myrland, Anna Elise Nese, Lisa Horpen og Line Evjestad. Framme frå venstre Hanne Vikøren, Martine Nordmo Nes og Anna Eldegard