Eldjsel : Denne helga 25-28 august har det vore leiar og trenarkonferanse i Norges Symjeforbund. Noko av høgdepunktet ved denne årlege konferansen er utnemninga av årets eldsjel i symjeforbundet. Ingeborg Hjelle var nominert av klubben sin for den fantastiske innsatsen ho gjer og har gjort. Les nomieringa her: Eldsjel Norges […]
Berre ei liti veka no, så brakar det laus. Dugnadskreftene er og har vore i sving lenge. No gler me oss til endeleg å oppleve festival att. Etter ein sommar med dårleg ver , ser det endeleg ut til at vergudane er med oss Målrock helga. Det har meldt godt […]
Symjegruppa avslutta årets sesong med å delta på junistemne i Førde. Dette var eit stort stemne, med 170 konkurrerande deltakarar frå heile Vestland, i tillegg til omlag 60 rekruttar. Frå Jotun deltok fire symjarar. Rekruttane Marlen Myrland Moen og Astrid Todal Fauske blei med på laurdagen. Dette var første gongen […]
Fotballskule høyrer sommaren til. Takka vera initiativtakar Bjørn Vidar Nundal og 4 kjekke ungdomar kunne Jotun fotball stelle i stand fotballskule dei tre fyrste dagane i sommarferien. Godt over 30 born melde seg på i alderen 8-11 år. Det var oppstart kvar dag kl 10. Fyrste økt held på […]
Det erfarte Jotun fotball sist fredag når me dreiv og rigga til bassengkiosken for dugnad i fotballgruppa. Det nye kassesystemet med Ipad og Izettle er avhengig av nett for å fungere. Kva gjer me da ? Da ringer me sjølvsagt til Årdalsnett. Kristian Heggestad heiv seg rundt og sjekka, og […]
Æresmedlem Karl Høgmo fyller 95 år i dag. Utan at me har sjekka det sikkert, meiner me Karl må vera ein av dei eldste medlemane i laget. At han er eldst skulle ein ikkje tru. Han har eit hugse og minne som svært få andre som er mange, mange år […]
Da er det endeleg klart for festival att. Og det betyr noko dugnadsarbeid for føresette i idrettslaget. Vedlagt liste her: Malrock-dugnad-9-versjon- Alle som er sett opp på dugnadsvakt må syte for å byte innbyrdes dersom det ikkje passar for dykk. Alle gruppene i Jotun tek del i dugnaden. IL Jotun […]
Jenter 9 hadde sin fyrste seriekamp i går. Mykje skal leggast til rette og passast på for at alle både heimelag, bortelag og støtteapparat skal få gode opplevingar. Trass tap, var trenarane på Jotun laget Veronica Hellebø og Kristiane Seim svært nøgde med kampen. Dette skuldast blant anna god dialog […]