23. desember 2012

Den spede oppstart

Ein høyrer lite og ingenting om fotballen her i Årdal føre 1930. I grunn merkeleg når ein tenkjer på all den ungdomen som vaks opp, og alle dei tilreisande arbeidarar frå alle kantar av landet som var her på den tid. På Vee-sida prøvde dei med eit lag truleg i […]
23. desember 2012

Den fyrste kampen

Søndag den 23. juni skulde Jotun møta «Modig», Fresvik i sin fyrste kamp. Ja, det var stor spaning føre denne kampen. Alle kveIdar vart det førd høgrøysta diskusjonar. Alle meinte sjølvsagt at Jotun kom til å vinna. Ingen kunde tru at ei so liti bygd som Fresvik vilde slå årdølene. […]
23. desember 2012

Eigen serie i Indre Sogn

Den 14. juli er det Luster som kjem på vitjing. Det hadde gjenge store ord om dette laget. So denne gongen var det ingen som tok sigeren på fyrehand. Nei, dei fleste frykta det verste. Men denne gongen lukkast det. Då kampen var slutt hadde Jotun vunne 2-1. Og jubelen […]
23. desember 2012

Førkrigstida

I 1937 heldt krinskampane fram som vanleg. 2 nye lag var kome til: Luster og Kaupanger, medan Sogndal var falne frå. Det vart søkt etter trenar på same vilkår som året før, men det førde vistnok ikkje fram. Når det gjaldt bana, vart det ikkje gjort meir med den dette […]
23. desember 2012

Lange reiser

I 1941 gjorde ei ny tid seg gjeldande i Årdal. Gravemaskiner byrja å rasera ut den vesle plassen som hadde gjeve slike hugnadsstunder. Mange var harme. Ingen tenkte vel den gongen på at den skulde verta tuft til ein fabrikk, som skulde gje vilkår til eit større og rikare Jotun. […]
23. desember 2012

50-åri

Då 1953 var jubileumsår fekk laget istand ei turnering med Gjøvik/Lyn, Raufoss og Sogndal som gjester. Denne turneringa vart særs vellukka både sportsleg og økonomisk, og enda dessutan med siger til Jotun. Når ein ser på desse 50-åri kjem det tydeleg fram at Jotun er alt for sterke for sine […]
23. desember 2012

Sogn og Fjordane med i serieordningi

Sogn og Fjordane vart rekna for «fotballens mørke fastland». Og det møtte ikkje so lite motstand då krinsstyret i 1959 tok opp saki med å koma med i serieordningi, serleg frå Bergenslagi. Dei ottast vel dei kostbare reiseutgiftene. Men i 1962 gjekk det i orden. Æra for dette må ein […]
23. desember 2012

Nesten opprykk

Svend Age Olsen heldt fra som trenar i 1966, og treningi vart drive meir «intens» enn nokosinne. I april reiste seniorlaget til treningsleir i Danmark, og gjorde ein god innsats i kampane der. M. a. greide dei 3-3 mot sjølvaste Boldklubben av 1909. Alt såg so ljost ut, med gode […]