20. desember 2012
IL Jotun sitt jentelag i Gothia Cup 2012

Informasjon 3. divisjon damer

Jotun fotball vil i sesongen 2013 stille med 11ar lag i 3. divisjon damer. Det er søkt fotballkretsen om eit samarbeidslag med ÅTIL, denne er no under handsaming. Det gjeld og eit 7ar lag, slik at alle skal få eit godt tilbod. Sjølv om IL Jotun har drive med jentefotball […]
27. desember 2012

Informasjon 6. divisjon herrer

6. divisjon herrer er eit breiddelag, og tek sikte på å aktivisera ungdomar som likar å spele fotball, men som ikkje er klare for toppsatsing. I tillegg er det ein hospiteringsarena for gutespelarane til IL Jotun.
19. januar 2013

Jotun+ÅTIL=Sant!

Den siste tida har Jotun og Åtil jobba for å få til eit best mogleg tilbod til jente- og damefotballen i bygda. Utfordringane har vore at når jentene vert 17 år, så har dei hatt eit begrensa tilbod for vidare satsing. I fjor hadde ÅFK eit tilbod til 7ar fotball, […]
21. januar 2013

Vinterserierunden for jenter junior avlyst

Denne helga skulle fyrste runde i Vinterserien Jenter junior gått av stabelen i Høyanger. Jotun-ÅTIL-Lærdal stiller med eit samarbeidslag i denne turneringa. Diverre kom det i dag melding frå kretsen om at Høyang har trekt laget, og samstundes trekt seg som arrangør. Vinterserien vert difor avvikla i sin heilheit 9. […]
8. februar 2013

Vinterserien jenter junior denne helga

Denne helga skal vinterserien for jenter junior spelast på Jotun stadion krøllgras. Jotun/ÅTIL/Lærdal stiller eit samarbeidslag, og skal møte Førde, Florø og Stryn i kampen om KM tittelen. Her er kampane (Jotun=samarbeidslag): Kl. 11.00 Førde-Jotun Kl. 12.00 Florø-Stryn Kl. 13.00 Jotun-Florø Kl. 14.00 Stryn-Jotun Kl. 15.00 Stryn-Førde Kl. 16.00 Førde-Florø […]
9. februar 2013

Førde vinnar av Vinterserien junior jenter

Førde gjekk ubesigra gjennom Vinterserieturneringa i dag, og stakk med det av med KM-tittelen i klassen. Med 9-0 i målskilnad kunne dei heve pokalen etter at Florø var besigra i den siste kampen. Kampane vart avvikla i sterk kulde, noko som sjølvsagt og prega spelarane. Samarbeidslaget mellom Jotun/ÅTIL/Lærdal gjorde og […]
11. april 2013

Jotun-Sogndal 4 7-2 (3-2)

Jotun sitt 6.divisjonslag spela i kveld treningskamp mot divisjonskollega Sogndal 4. Heimelaget fekk ein flott start på kampen, og skåra 2 raske mål i starten av kampen. Målskårarar var Jørgen Eide og Sivert Lågøen. Heimelaget fortsatte å pressa på, og Kevin Øy la på til 3-0 før halvtimen var gått. […]
29. april 2013

Seriestart i 6. divisjon

Jotun sitt seniorlag i 6. divisjon serieopnar tysdag heime mot Balestrand 2. Det unge laget har hatt ein god treningsvinter, og ser lyst på den komande sesongen. Laget består i hovudsak av spelarar frå 16-19 år, og er frå Øvre Årdal, Årdalstangen og Lærdal. Trenarar for laget er Johann Traustason […]